Hopp til innhold

Startar salet av Sirdal-hestar

Hestane som blei tekne frå ein gard i Sirdal etter dårleg dyrehald, skal nå leggjast ut for sal. Dette skjer sjølv om dottera på sirdalsgarden har gjort krav på hestane.

Avmagra hestar i Sirdal

Årsaka til omplassering av hestane frå garden i Sirdal var stadige rapportar om vanstell og svelteforing av hestar gjennom ein periode på 13 år.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Mattilsynet kan ikkje halda fram med å ha desse 35 hestane i forvaring, så me går nå vidare i saka, seier Odd Ivar Berget, som er regionssjef for Mattilsynet i Sør Rogaland.

Eigentleg skulle saka om hestane vore avslutta etter at ekteparet som bur på ein gard i Sirdal blei nekta dyrehald i oktober i fjor. I november henta Mattilsynet ut hestane på garden, men før Mattilsynet fekk omplassert dei, gjorde dottera til ekteparet krav på hestane.

Etter dette har det vore dialogen mellom dottera sin advokat og Mattilsynet som har forseinka omplasseringa av hestane.

– Me har prøvd å finna ei løysing på om dottera kan ta over eigarskapet på hestane. Denne løysinga har me ennå ikkje funne. Derfor går me nå i gang med å kartleggja moglege kjøparar av hestane, fortel Berget til NRK.

Det siste brevet dei sende til advokaten har skal dei ikkje ha fått svar på. I dette brevet informerte dei om at dei ville setja i gang salet, dersom dei ikkje fekk svar innan ein tidsfrist.

NRK fekk ikkje fatt i advokaten for kommentar torsdag morgon.