Joar Skorpe har dei siste tre åra drive YX-stasjonen i Løkkeveien i Stavanger, no skal han også driva sin eigen stasjon, «Tanken» i Tanke Svilands gate.
– Det mest stressande med å driva ein bensinstasjon i dag, er å springa rundt å sjå kva pris konkurrentane har. Det stresset skal vekk, eg set prisen lågt med ein gong, og den skal vera låg heile veka, seier den ferske bensinstasjonseigaren.
- LES OGSÅ:
Null rabatt og låge kostnadar
Han har sett seg lei av dei låge søndags- og måndagsprisane, som er blitt ein vane blant dei etablerte kjedene, og dei høge prisane elles.
FØRSTE LEVERANSE: Onsdag kom den første drivstoffleveransen til Tanken.
Foto: Magnus Stokka / NRKNo har han investert 3,5 millionar kroner for å starta ein privat konkurrent. Prisane skal han halda nede gjennom sparte administrasjonskostnadar og null i rabatt til store kundar.
– Dieselen er kunstig høg på dei fleste stasjonar, fordi dei skal finansiera rabattane dei gir til dei store langtransportselskapa. Skal deg og meg som privatpersonar betala for bedriftene? Nei, det skal me ikkje, seier han.
- LES OGSÅ:
– Lukke til
Prisane på drivstoff hos Joar no er 11,99 for diesel og 13,99 for bensin. Strategien er lik pris gjennom heile veka, med variasjonar etter internasjonale bensinprisar. Ingen konkurrentar kunne måla seg på denne prisen da NRK køyrde rundt i området i dag. Men dei er ikkje nemneverdig uroa av den grunn.
– Me må jo berre ønskja han velkomen og lukke til, og så får me sjå kva strategi me kjem til å køyra i tida som kjem, seier Per Kristian Larsen, marknadsansvarleg på Uno-X i Stavanger.
GRÜNDER: Joar Skorpe er i gong med sin eigen bensinstasjon i Stavanger.
Foto: Magnus Stokka / NRKDen 35 år gamle bensinstasjonsgründeren nøyer seg ikkje med Stavanger, og opnar også ein stasjon på Karmøy.
På sikt har han planar om fleire stasjonar i Rogaland. Målet er ein skikkeleg priskrig på drivstoff i distriktet.
– Eg håpar det, men det vil jo visa seg om dei store kjedene bryr seg om ein liten ny aktør, seier Skorpe.
Og for ordens skuld; trøbbel med betalingsautomatane i onsdag gjer at den nye bensintasjonen ikkje kan opna før torsdag.
- LES OGSÅ: