– Dette er eit behandlingsrom, seier Aviv Livnat.
Grunnleggjaren viser oss rundt på sjukehuset som til dagleg behandlar ville dyr. Det lyse rommet har sprøyter, mikroskop og medisinske duppedittar.
Dette er landets einaste sjukehus spesielt for ville dyr, og ligg i Hauge i Dalane i Rogaland. Sidan starten i 2013 har dei teke imot alt frå sjuke svaner til groggy grevlingar frå dei næraste kommunane.
Men Livnat har større ambisjonar for sjukehuset.
– Her er eit anna rom. Det er tomt no, men draumen er at det skal bli eit operasjonsrom, seier han.
Og draumen om operasjonsrommet kan bli sann. Søknad om pengestønad til det som skal bli eit nasjonalt viltsjukehus, er levert, og veterinæren, som opphavleg er frå Israel, ventar i spenning på svar.
- LES OGSÅ:
– Folk veit ikkje korleis dei kan hjelpa
Kona Renate Tønnesen er også veterinær, og forklarar kvifor dei meiner Norge treng eit nasjonalt viltsjukehus.
– Når ville dyr blir skada og folk finn dei, så har dei veldig lyst til å hjelpe. Nokre prøver, amatørmessig så godt dei kan, medan andre tek kontakt med veterinærar som også prøver, men dei har ikkje den naudsynte kunnskapen eller fasilitetane til å ta vare på dyra, seier Tønnesen.
- LES OGSÅ:
– Me vil etablere ein klinikk som både har kunnskap og det naudsynte utstyret. I tillegg er det viktig for oss at dette skal vera ein stad der dyra kan få rehabilitering. Her skal dei kunne vera fram til dei er friske, og kan sleppast ut i naturen, seier veterinæren.
- LES OGSÅ:
Vil behandle skogens konge
Jobben med å utvide sjukehuset, slik at dei kan nå målet om å ta imot ville pasientar frå heile landet, er i gong.
Flytransport er heilt naudsynt om dei skal kunne gjera det, men det har han fått til gjennom ein avtale med SAS Cargo.
Aviv Livnat er grunnleggjaren av Norsk Viltsjukehus.
Foto: Ine Eftestøl / NRK– Me har kome ganske langt, men me har litt igjen før me er i mål, først og fremst må folk vete om at me finst, seier Livnat.
Planen er å ta seg av dei største ville dyra også, men det har dei førebels ikkje kapasitet til.
– Viss me snakkar om store dyr, som til dømes elg, så har me litt meir igjen å gjera før me kan behandle dei her, seier Livnat.