Hopp til innhold

Stal statue frå tusenårsstaden i Ølen

– Statuen har ein marknadsverdi på om lag 250.000 kroner, seier Vindafjord-lensmann Niljan Hustoft.

Statuen «Sittende jente» er stolen

Statuen «Sittende jente» er stolen frå tusenårsstaden Joa-Kari-parken i Ølen.

Foto: Google Street View / Politiet

SanktaSunniva

«Sitjande jente» er laga av Arne Mæland.

Foto: Privat

Bronsestatuen «Sittende jente» er stolen frå Joa-Kari-parken i Ølen sentrum i Vindafjord.

– Me veit ikkje heilt korleis dette har skjedd. Statuen blei borte i løpet av natta, den var festa med to boltar, nå er det berre mutterane som ligg att, seier lensmann i Vindafjord, Niljan Hustoft.

Kjøpt for 250.000 kroner

Dei går ut frå at statuen er 60 til 70 kilo, og at tjuvane må ha hatt ein bil til å frakta den i.

Det er Arne Mæland frå Etne som har laga bronsestatuen, som normalt sit ved ein benk på tusenårsstaden i Vindafjord.

– Det var kommunen som kjøpte statuen frå kunstnaren, og den kosta om lag 250.000 kroner, seier Hustoft.

– Kven er interesserte i å stela ein slik statue?

– Dessverre har me ingenting konkret å gå etter, men me ønskjer tips frå publikum.

Håper den ikkje er øydelagt

Han trur ikkje det er marknad for denne type skulpturar lokalt, og kanskje heller ikkje i Haugalandet.

– Men å sei kva dei som har teke statuen tenker å gjera med den, blir berre spekulasjonar frå mi side.

Han seier at det er mykje bronse i skulpturen, og ein mogleg tanke er at dei vil smelta om statuen. Likevel kryssar dei fingrane for at dette ikkje har skjedd.

– Det ville vore veldig synd om den blei øydelagt. Me håper at den framleis finst, og me har gått ut med bilete av statuen i håp om å få inn tips, seier Hustoft..

Sittende jente

«Sitjande jente» ein grøn sommardag i Ølen i Vindafjord.

Foto: Politiet