Hopp til innhold

Stal snus – blei omringa av lokale

Det er ikkje særleg lurt å stela snus frå Coop butikken på Vikeså. Det fekk to rumenarar erfara i helga.

Coop på Vikeså

Her på den lokale Coop-butikken i Vikeså, sør i Rogaland, blei det stole snus fredag kveld.

Foto: Google

– Dei to rumenarane sit nå i arresten. Dei risikerer fengselsstraff og utvising frå landet, seier jourhavande politijurist, Sigve Espeland, til NRK.no.

Rumenarane han snakka om blei fredag kveld tekne av politiet, med om lag 200 boksar snus i bilen. Hadde det ikkje vore for ivrige lokale frå den vesle bygda Vikeså i Bjerkreim, hadde tjuvane truleg ikkje blitt fakka.

Omringa av 15 mann

– Det var ein ungdomsgjeng som såg at dei to mennene var i gang med å stela snus. Då mennene gjekk ut frå butikken følgde ungdomsgjengen etter dei, medan dei varsla politiet på telefon, fortel Anders Svela, som er nabo av Coop butikken.

Dette gjorde at tjuvane ikkje kom seg til bilen sin, men at dei berre heldt fram med å gå. Dei stakk inn på eigendommen til Anders Svela. Politiet var på dette tidspunktet orienterte om kva som skjedde på Vikeså, og på veg ut.

– Politiet ringde meg, og sa at dei truleg var på eigendommen min. Eg var ikkje heime, men fekk kona til til å køyre meg heimover. På vegen støytte me på dei to tjuvane, då hoppa eg ut av bilen og følgde etter dei, fortel Svela.

Han fortel at fleire av dei lokale nå visste kva som skjedde, og at dei var lite interesserte i at tjuvane skulle stikka av i bilen sin.

– Fleire kom til, og etter kvart hadde me blitt tre bilar og om lag 15 mann som følgde etter dei to. Me heldt god avstand, men sidan me passa på å blokkera vegen deira til bilen, torde dei ikkje å gå i den retninga. Det enda opp med at dei stilte seg i busslomma, fortel Svela.

Laster Twitter-innhold

200 boksar snus

Her blei dei ståande og venta, heilt til politiet nådde fram til Vikeså, og tok dei to mennene på 41 og 27 år.

– Heldigvis kom det ingen buss som dei kunne hoppa på, fortel Svela.

Han slår fast at det var dei rette folka som oppdaga tjuveriet, og at det derfor blei svært vanskeleg for tjuvane å koma seg vekk.

Sigve Espeland i politiet stadfestar at det var med innsats frå dei lokale, at politiet fekk fatt i tjuvane.

– Me fann 200 boksar snus i bilen deira, så dei hadde truleg vore andre plassar også, fortel Espeland.

Han seier at rumenarane sjølv meiner dei har fått boksane frå Oslo, men at dei vedgår å ha fått dei på ulovleg vis. I morgon blir det bestemt om dei to skal varetektsfengslast eller ikkje.