Hopp til innhold

Stal og var valdeleg

Ein mann i 40-åra er arrestert og sit i varetekt etter å ha stole frå butikkar i Haugesund sentrum, skriv Haugesunds Avis. – Det som vart stole er levert tilbake, men mannen hadde ein åtferd som ikkje var bra, seier politiet til avisa. Mannen skal ha forsøkt å slå etter folk i gågata.