NRK Meny
Normal

Stal bil til ein halv million kroner

Innbrotstjuvane knuste ei rute, kom seg inn i verkstaden og stakk av med ein heilt ny uregistrert Nissan Navara frå Ålgårds Auto på Lura i Sandnes.

Biltjuveri på Lura

Politiet er onsdag morgon på plass på Ålgårds Auto i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

Knust rute

Det var denne knuste ruta vektaren melde frå om.

Foto: Ronny Hjertås

Det var i dag tidleg ein vektar melde frå til politiet om ei knust rute på bilforretninga Ålgårds Auto på Lura i Sandnes.

Politiet rykka ut og kunne i seks tida slå fast at det mangla ein bil.

– Det er snakk om ein uregistrert mørk blå Nissan Navara, opplyser Kurt Løklingholm, som er operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt.

Verdien på ein bil av denne typen er meir enn ein halv million kroner.

Politiet er i gang med å sikra spor ute på staden, og etterforskar saka vidare.