STAL AVISBODET SIN BIL:

Grytidleg fredag morgon har ein avisbod blitt fråstolen bilen sin på Tasta i Stavanger. Bilen er ein kvit Mazda 323, med kjennemerke BN88468. Politiet er interesserte i tips i saka. Avisbodet leverte aviser i ei blokk i Myrveien, då han kom ut var bilen vekke. Alle som bur i området vil likevel få avisene sine til avtalt tid, opplyser Aftenbladet distribusjon.