Normal

Stakk av etter at bilen hamna på taket

Sjåføren i 40-åra stakk frå staden etter ei trafikkulukke ved Lutsi i Sandnes laurdag morgon. Kort tid seinare blei han arrestert av politiet i nærleiken.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skjedde på riksveg 13 Lutsiveien.

Det var litt før klokka 06 laurdag morgon politiet fekk melding om ein bil på taket på riksveg 13 Lutsiveien, ved avkøyrsla til Fureneset.

Både bilføraren og den eine passasjeren kom seg ut av bilen, men då politiet kom til staden var sjåføren vekke.

Litt over klokka 08 melder politiet til NRK at sjåføren i 40-åra er arrestert.

– Han blei pågripen i terrenget i nærområdet. Me mistenkjer ruskøyring, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Tor Helge Stavik.

Han opplyser at passasjeren, ein mann i 30-åra, er frakta til Stavanger universitetssjukehus med det som truleg er brotskadar.

Det blei større skader på autovernet i området i samband med ulukka. Vitne til ulukka er også avhøyrde av politiet.

Vegbana på riksveg 13 ved Lutsi er rydda etter ulukka.