Heile stadion er berekna å koste 160 millionar kroner, og for å få det til har Viking henta inn 31 millionar kroner i ny eigenkapital.
Dei største bidragsytarane er Viking Fotballklubb, SR-Bank, Ole Rugland sjølv og investorane Rudolf Hodne, Knut Øgreid og Folke Hermansen.
I tillegg har SR-Bank bidratt med eit langsiktig lån på 30 millionar kroner, som Rugland og Hermansen har garantert for. Banken har dessutan lagt 17 millionar sponsor-kroner på bordet.
Resten av pengane kjem frå Stavanger kommune (50 mill.), sal av næringsareal til Hinna Park (22 mill.) og tippemiddel (10 mill.).
Viking reknar nå med at bygginga av stadion på Jåttå kan starte i neste veke.