Stadig fleire overlever hjartestans

Hilde Marthinsen redda livet til eksmannen ti minutt etter at ho hadde vore på førstehjelpskurs. Sjansen for å overleva hjartestans har auka, og tre av fire av dei som får hjartestans får umiddelbart hjelp av nokon i nærleiken, syner ny forsking.

Sjansen for å overleve hjertestans har økt i Stavangerområdet de siste årene. 
God kunnskap om hjerte- og lungeredning blant vanlige folk er en viktig årsak.

30 TRYKK: ...og to pust. Hilde Marthinsen redda livet til eksmannen sin her for to år sidan.

Hilde Marthinsen var ferdig på førstehjelpskurs for ti minutt sidan, den gongen for to år sidan. På vegen møtte ho eksmannen sin, Henning Aastvedt. Han får hjartestans, men med fersk kunnskap visste Hilde akkurat kva ho skulle gjera.

– 30 trykk på brystkassa, fem centimenter ned, og to blås, fortel ho og syner korleis det skal gjerast.

Fleire overlever

Opp mot 3000 får hjartestans kvart år i Noreg, men det er stadig fleire som er så heldige som Aastvedt, som overlever. Ny forsking frå Stavanger Universitetssjukehus syner at så mange som tre av fire som får hjartestans i stavangerområdet, umiddelbart får hjelp av nokon i nærleiken.

– Det er nok ein samansett årsak til det. I oljeindustrien har dei god opplæring og det er fokus på hjarte- og lungeredning i skulen og liknande. Det fører til at mange har lært seg førstehjelp, og mange har i alle fall har ein idé om kva dei skal gjera i ein slik situasjon, seier Thomas Lindner, forskar og spesialist i anestesi i Luftambulansen.

På grunn av at Laerdal medical ligg i Stavanger, har det vore stort fokus på førstehjelp og førstehjelpskurs i regionen i mange tiår.

Thomas Lindnes

FORSKAR OG SPESIALIST: Thomas Lindnes har forska på folk som får hjartestans.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Lindner har også funne ut at dei pasientane som overlever ein hjartestans i stavangerområdet i snitt lever i 23 år etterpå. Årsaka til det høge talet meiner han er at systemet fungerer i alle ledd.

– Me ser at fokuset på hjarte- og lungeredning dei siste åra har ført til ein behandlingspakke som er ganske eineståande, samanlikna med resten av landet, seier Lindner.

– Gler meg over livet

Det er to år sidan hjarta til Henning Aastvedt stoppa. I dag er han i live takka vera god behandling på sjukehuset og ekskona sin kunnskap om livredding.

– Eg er kjempetakknemleg for at Hilde har det kurset, og eg gler meg over livet, seier han.

– Eg har teinkt mykje på dei tilfeldigheitane som gjorde at eg fekk bruk for det kurset akkurat den dagen, ti minutt etter eg forlet den gummidokka på golvet, seier Hilde.

Stavanger universitetssjukehus
Foto: Ole Andreas Bø / NRK