– Daglegvarer, bøker og flybillettar. Eg brukar vel kredittkort til 90 prosent av det eg kjøper, seier Jørgen Stenløkk på veg gjennom Søragata i Stavanger sentrum.
Jørgen Stenløkk har ennå ikkje opplevd at han ikkje har klart å betala når rekninga frå kredittkortselskapet kjem. Han tener også opp bonuspoeng til flyturar.
– Ja, det er jo absolutt eit pluss!
Noko skjer med kortbruken
Nordmenn skaffa seg 5,9 millionar kredittkort i 2017, noko som er ny rekord. Av Noregs Bank sin oversikt om kor store beløp nordmenn handlar for på kreditt går det også fram at vi brukte meir enn nokon gong.
Sju prosent fleire nordmenn utstyrte lommeboka med kredittkort i fjor samanlikna med året før.
Foto: Pål Solheimsnes / NRKI 2017 betalte vi 336 milliardar kroner med kredittkorta våre – også det rekord med god margin.
Fleire av kredittkortbrukarane har lagt vekk det vanlege bankkortet. Noko av bakgrunnen er bonuspoeng. Jo meir du brukar kredittkortet til alle slags varer, jo fleire bonuspoeng kan du samle før til dømes neste flyreise.
– Me ser denne trenden i statistikken, og me får det stadfesta når me snakkar med kundane våre. Stadig fleire får seg kredittkort og utnyttar fordelane det gir, seier Thor-Christian Haugland, konserndirektør for kommunikasjon i SpareBank1 SR-Bank.
Konserndirektør i SR-Bank, Thor-Christian Haugland, stadfestar at kundane skaffar seg kredittkort som aldri før.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK– Auken i kredittkort i 2017 var på sju prosent, og me kan definitivt seie at ein av dei store drivarane der er bonusjegerar, seier Andreas Sandvold, produktsjef for betaling i SR-Bank.
Tala har vist at fleirtalet av dei som er bevisste bonusjegerar har god økonomisk kontroll. Problemet er at deira suksess kjem til å påverke menneske som ikkje har slik kontroll, meiner banksjefane.
- Les også:
Det er folk som blir fortalt kor mange spanande reiser dei kan ta ut ved å bruke kredittkort, men som ikkje klarer å betala rekninga når den kjem.
– Då endar dei opp med ei ekstrarekning på kanskje 30 prosent, og det er desse menneska kredittkortselskapa tener pengar på, seier konsernsjef for kommunikasjon i SR-Bank, Thor-Christian Haugland.
Bonusjegerane
Hittil har fleirtalet av dei som jaktar flybonuspoeng ved hjelp av kredittkortbruk vore ei gruppe med tydlege kjenneteikn. Jan Sjøstrøm frå Bergen er typiske representantar for den gruppa.
For å unngå at det hopar seg opp renter, sørger han for å betala det uteståande kvar månad. Sjøstrøm har ingen utgifter utover årsgebyret, og bonuspoengkontoen aukar.
– I vinter reiste eg til Albir i Spania. Då betalte eg vel 900 kroner, tur-retur, med setereservasjon. Resten av flyturen betalte eg med bonuspoeng, seier Jan Sjøstrøm.
- Les også: