Hopp til innhold

Innesperra hundar som lever i møkk og urin er noko av det som møter inspektørane

Aldri før har Mattilsynet fått inn fleire uromeldingar om kjæledyr enn nå.

Hundar i bur

Desse hundane fann Mattilsynet i ein kjellar, etter å ha rykka ut på ei bekymringsmelding. Dyra levde i sin eigen urin og avføring, nå er dei omplasserte.

Foto: Mattilsynet

– Me har ei spesiell utfordring når det kjem til hundar som ikkje får ha eit naturleg hundeliv. Me er og så veldig bekymra for hald av kjælekaninar. Der trur me det er mange dyr som ikkje har det så bra, seier Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet.

Dei siste åra har ho opplevd ein eksplosjon i talet på bekymringsmeldingar frå vanlege folk.

Dei fleste varslingane handlar om kjæledyr.

Må av og til avliva dyra

– Dei vanlegaste bekymringsmeldingane me får inn går på reinhald, fôring, helse og mosjon.

Seksjonssjef for Dyrevelferd i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud

Seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud.

Foto: Mattilsynet

Av 3185 varsel om kjæledyr, som kom i fjor, fann Mattilsynet avvik hos 1058. 25 av desse avvika var av ein svært alvorleg karakter, såkalla alvorleg vanskjøtsel.

– I dei mest alvorlege tilfella må me avliva dyra. Me kan også ta dei med oss i mellombels forvaring til me veit kva som skal skje med dei, eller gi dyrehaldaren forbod mot å ha dyr, seier Knævelsrud.

– Har dyreeigarane forståing for at de må ta dyra?

– Ofte viser dei ikkje forståing, for problemet er jo ofte at dei ikkje har evne eller vilje til å ta vare på dyra. I nokre tilfelle har dei kanskje personlege problem, slik at resultatet til slutt blir betre for dei når dyra er fjerna.

Mattilsynet sine kjæledyrkontrollar

Alle desse forholda er avdekte etter varsling frå publikum. Oppe til venstre er eit møkkete kaninbur. Nede til venstre er ein katt med ein smertefull ubehandla augeskade. Til høgre er ein hund som verken hadde fått mosjon eller stell av klør. Han var nede i ein kjellar, og klarte så vidt å gå opp trappa til andre etasje.

Foto: Mattilsynet

Forskrekka

– Dyra har ikkje sjølv valt å leva saman med menneska som har dei. Derfor er det menneska si plikt å gi dei skikkelege leveforhold, og følga dei opp, seier Egil Heine Strand, som er styremedlem i Dyrebeskyttelsen Norge Nord-Jæren.

Dei driv mellom anna med omplassering av kjæledyr, og har stor pågang.

Egil Heine Strand

Egil Heine Strand er styremedlem i Dyrebeskyttelsen Norge Nord-Jæren.

Foto: Jo Fridstrøm / NRK

– Me blir ganske forskrekka av mange av tilfella som blir avdekte. Både det me sjølv kjem over, og det Mattilsynet kjem over. Likevel er det viktig å få fram at dei fleste dyreeigarar er ansvarlege.

Krav om varsling

Torunn Knævelsrud peiker spesielt på kravet om varsling som kom inn i dyrevelferdslova i 2010, som årsak til den kraftige auken i varslingar. Der står det at alle har plikt til å varsla dersom dei har grunn til å tru at eit dyr blir utsett for mishandling eller alvorleg svikt.

I tillegg har Mattilsynet fått ein eigen varslingsknapp på nettsidene sine, og det er den dei fleste bruker.

– Så det er ikkje nordmenn som er dårlegare til å passa på kjæledyra sine?

– Dei fleste er gode med dyra sine, men så er det nokon som er litt røffe mot dei, og ikkje forstår kva behov dei har. Me har også ei utfordring med menneskeleggjering av dyr, der nokon bruker dyret som ei dukke eller ein pyntegjenstand.