NRK Meny
Normal

SSO og Sæverud til alle

Stavanger symfoniorkester med innspelingane av komponisten Harald Sæverud har kome med på innkjøpsordninga. Det betyr at musikken skal sendast ut til alle bibliotek og undervisningsinstitusjonar i heile landet.

Plateserien består av alle orkesterverk av Harald Sæverud, og er ei samling på 8 CD-plater med alle symfoniane og konsertar. Også Peer Gynt-musikken og andre orkesterverk er med.

Det er Norsk kulturråd som står bak innkjøpsordninga og Stavanger symfoniorkester sine Sæverud-plater har kome med i første runde i år.

Dirigentane Alexander Dmitriev og Ole Kristian Ruud stod for den kunstnariske leiinga. Fleire kjende norske solistar er også med å innspillingane. Det gjeld cellisten Truls Mørk, fiolinisten Trond Sæverud og fagottisten Robert Rønnes.

Mange av verka til Sæverud er komne på CD for første gang med denne serien. Innspelingane av orkesterverka til Sæverud starta i 1995, medan dei to siste platene vart utgitt hausten 2005.