Dette vert rekna som eit gjennombrot for politiet, for fram til no har alle dei sikta nekta å forklara seg, seier politiadvokat Karsten Monsen.
Avhøyra har pågått over ein tredagars-periode, og har styrka saka mot 47-åringen, som er ekspert på overvakings- og avlyttingsutstyr.
Politiet vil no igjen prøva å få den sikta 29-åringen som eig Spy Shop til å forklara seg.
Politiet meiner dei to har vore med og levert ustyr i samband med ranet.
47-åringen sin forsvarar, Øystein Storrvik, seier til VG at det er viktig at mannen forsvarer seg mot ei så alvorleg sikting, og at han nektar straffskuld.
Mannen har samtykka i å bli varetektsfengsla i to nye veker.