Hopp til innhold

Sjå kva dei gjer med flytårnet på Sola

Kontrolltårnet på Stavanger lufthavn sola blir i desse dagar dekorert med spraymåling av den verdskjende gatekunstnaren M-City. – Personleg syns eg det er drittøft, seier kommersiell sjef i Avinor, Ina Eldøy.

Maler flytårnet på Sola

Gatekunstnar Mariusz Waras, aka. M-City, er i full gang med å spraymåla flytårnet på Sola. Resultatet er hemmeleg fram til neste fredag.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

Mariusz Waras

Mariusz Waras, eller M-City som han kallar seg, er i full gang med å dekorera flytårnet på Sola.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK
Obrestad fyr i ny drakt

For to år sidan blei Obrestad fyr dekorert i samanheng med Nuart-festivalen. Eit tårn som er mykje lågare enn kontrolltårnet på Sola.

Foto: Nuart

– Dette er heilt sikkert verdas første flytårn med gatekunst, seier kommersiell sjef i Avinor, Ina Eldøy.

Ho står innanfor duken som nå omringar flytårnet på Stavanger lufthavn Sola. Veggane har allereie fått godt med spraymåling på seg, men kunstverket blir ikkje offisielt opna før neste fredag.

Dette er dagen før Nuart-festivalen i Stavanger opnar, festivalen der gatekunstnarar brukar det offentlege rom til å spreia kunsten sin, som dei på godt norsk kallar «street art».

Ønska å få Nuart til Sola

– Me har hatt ein draum om å samarbeida med Nuart-prosjektet i mange år. Me prøvde å finne nokre gode flater dei kunne måla på i fjor, men me var nok for seine. Men i år var det ein tilsett i flytårnet som føreslo å mala heile tårnet på Sola. Me syns det var ein sinnssjukt god idé, så me kontakta Nuart, og nå er heile tårnet dekka i plast, seier Eldøy.

Nuart likte ideen, og sette den verdskjende gatekunstnaren frå polen, M-City på saka. M-City, eller Mariusz Waras, som han eigentleg heiter, var glad for det han fekk høyra.

– Eg er veldig nøgd med å ha fått denne jobben. Normalt sett målar eg på bygningsveggar. Dette er noko heilt anna, mykje større og høgare, slik skjer ikkje kvar dag, seier han.

– Kvifor trur du at det var du som fekk jobben?

– Kanskje sidan eg reiser mykje rundt og målar. Eg måler også ganske raskt, det har kanskje noko med saka å gjera. Eg skal bruka seks dagar på tårnet som er 600 kvadratmeter, seier Waras.

– Kva kan du sei om kunstverket?

– Når eg såg tårnet første gong, tenkte eg at toppen likna ein UFO. Derfor målar eg flammar frå toppen og ned mot eit industrielt landskap.

– Hadde vore upassande med ei rumpe

Sjølv om Eldøy i Avinor gler seg til å sjå det ferdige resultatet, innrømmer ho at dei ikkje kunne gå med på kva som helst.

– Me er nok av dei få som har fått rett til å stilla spørsmål ved den endelege designen. Det hadde ikkje vore så kjekt om det var ei stor rumpe på tårnet. Me må jo tenka på at me er Stavanger lufthavn Sola Avinor, og me må stå fram som ordentlege.

Likevel meiner ho at gatekunsten vil bety mykje for flyplassen.

– Stavanger lufthamn Sola har rolla som ein port ut til verda, men også ein port inn til regionen, og Nuart er eit av dei mest vellukka internasjonale prosjekta me har i regionen. Me ville derfor vera med på suksessen dei har hatt, og ta del i festivalen.

– Mange er skeptiske til gatekunst, dette stoppa ikkje dykk.

– Nei, me skal syna breidda i alt som går føre seg. Om me ikkje torer nye ting, så forandrar heller ikkje verda seg. Dette er derfor ein fantastisk måte å bidra til eit anna verdssyn og at folk kan få ei anna oppleving av gatekunst.

Sjå bilete frå tidlegare Nuart i 2010: