Hopp til innhold

Spørsmål til gravide avdekker vald

I over eitt år har jordmødrer over heile landet spurt alle gravide kvinner om dei har vore utsett for vald. Jordmor Elin Barane Helland meiner dette har bidratt til å avdekka overgrep.

Jordmor i Time, Elin Barane Helland

Jordmor Elin Barane Helland i Time kommune har opplevd at fleire gravide kvinner har fortalt om valdsovergrep.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Her er me inne på jordmorkontoret mitt, der eg har alle samtalane mine med dei gravide, seier jordmor Elin Barane Helland i Time kommune.

Ho viser oss rundt på arbeidsplassen sin. Her har Helland i eitt år tatt opp temaet om vald i nære relasjonar med alle som har vore innom til svangerskapskontroll.

– Dei gravide seier at dei synest det er veldig OK at me spør om det, og dei føler seg ikkje krenka over at me tar det opp, seier jordmora.

Nytt regelverk

I fjor kom det nye retningsliner frå Helsedirektoratet, som seier at jordmødrer skal snakke med alle gravide kvinner om vald.

Les også: Ungdom kan miste helsetilbud

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Rolf Windspoll

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Rolf Windspoll, meiner at regelendringa har hatt ein positiv effekt.

Foto: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet

– I svangerskapsoppfølginga møter jordmødrene mange kvinner og derfor er det også ein god sjanse til å få ein oversikt over kor stort dette problemet er i samfunnet, seier avdelingsdirektør i avdeling allmennhelsetenester i Helsdirektoratet, Rolf Windspoll.

– Samstundes er gravide kvinner og ufødde barn i ei risikogruppe. Dei er i ein særleg sårbar situasjon og det er viktig å hindre at dei opplever vald, seier han.

Har avdekka mykje

Det siste året har jordmor Elin Barane Helland fått høyre fleire historier om vald. Og ho reknar med at samtalane har bidratt til å avdekka fleire overgrep enn dei elles ville ha gjort.

– Det er eg heilt sikkert på at me har gjort. Det at me som helsearbeidarar vågar å ta imot desse samtalane, vågar å høyre på deira historier. Det gjer at folk vågar å opne seg meir, seier ho.

Les også: Norge er verdens beste mødreland

Udokumentert effekt

Helsedirektoratet har ikkje tal på kor mange jordmødrer som har innført dei nye retningslinene. Heller ikkje har dei tal på kor mange tilfelle av vald i nære relasjonar som har blitt avdekka. Men Rolf Windspoll i Helsedirektoratet meiner likevel at han kan sjå ein positiv effekt.

– Me får tilbakemelding frå mange kvinner på at dei set pris på å få snakka om eit så vanskeleg tema med jordmødrene, seier han.