NRK Meny
Normal

Skytinga på Utøya: Sperra seg inne i hus

Frida Ripland Moberg frå Egersund opplevde ei dramatisk flukt frå personen som skaut rundt seg på Utøya fredag kveld. – Veninna mi blei skoten i armen, fortel ho til NRK.no.

Frida Ripland Moberg

Frida Ripland Moberg søkte tilflukt i eit hus på Utøya saman med om lag 30 andre ungdommar.

Foto: Privat

Fleire personar blei fredag kveld skotne og drepne på AUF-leiren på Utøya utanfor Oslo.

Det var om lag 560 unge sosialdemokratar på øya då skytinga byrja, ei av desse var Frida Ripland Moberg frå Egersund. Ho kan fortelja om ei dramatisk flukt frå personen som skaut.

Søkte tilflukt i hus

– Veninna mi blei skoten i armen. Me sprang alt det me kunne til eit hus, der var Norsk Folkehjelp og hjelpte veninna mi. Me låste huset og sette madrassar opp mot vindauget, seier Ripland Moberg.

Når NRK snakka med Frida klokka 21.00 var det politi til stades i huset der om lag 30 personar hadde søkt tilflukt.

– Politiet held oss innandørs og passar på at alt er i orden utanfor.

– Sjekkar oss for våpen

Frida Ripland Moberg kan fortelja at det blei stor panikk då dei først høyrde skota som blei avfyrt av ein person kledd ut som politi:

– Eg var oppe på leiren ved telta då me høyrde at ting smalt. Først trudde me ikkje at det var alvorleg, men det kom berre nærmare og nærmare. Folk byrja å springa i panikk og mange datt. Det kom kuler også, og nå får me meldingar om at folk er døde, fortel Ripland Moberg som er sterkt prega av hendinga.

Ho har hatt problem med å få varsla sine næraste om at ho har det bra sidan ho ikkje har hatt pengar på mobiltelefonen.

– Me holder saman og prøver å halda ut, det er bra om folk der ute i alle fall får vita at nokon har det greitt, seier Ripland Moberg.

Ho føler at politiet har kontroll på situasjonen.

– Dei har sjekka oss for våpen og passar på oss. Nå verkar det som om dei har kontroll, dei seier dei har tatt gjerningsmannen, seier ho.

Skytedramaet på Utøya skjedde på Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon sin sommarleir på øya. Dette er ein årleg leir på Utøya i Tyrilfjorden i Buskerud.

Tilbyr krisehjelp for pårørande

Familievernkontoret i Stavanger opplyser nå om at dei vil halda døgnope etter terrorhandlingane i Oslo.

Dei ber om at dei som har behov for det kontaktar dei på telefon 91172653 døgnet rundt.

– Me tilbyr krisehjelp til dei som er direkte eller indirekte berørt. Vårt tilbud om hjelp er gratis, seier Anthony Hawke leiar og psykologspesialist ved Familivernkontoret i Stavanger.