Spenning framfor kommunerøystinga i Finnøy

Skal øykommunen i Ryfylke halda fram aleine eller slå seg saman, til dømes med storbyen Stavanger? Svaret er ikkje gitt framfor folkerøystinga i dag, sjølv om dei fleste politikarane går for Stavanger.

Før folkeavstemning i Finnøy

Ståle Østhus til venstre seier ja, medan Tor Eigil Espeland til høgre seier nei til at øykommunen skal bli ein del av ein større kommune. Utfallet av folkerøystinga i dag er heilt uvisst.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Folket i den vesle øykommunen med 3200 innbyggjarar har tre alternativ når dei skal røyste i dag: Om kommunen skal bli verande aleine, gå saman med Kvitsøy, Rennesøy og Randaberg i nye Utstein kommune, eller laga ein storkommune saman med Stavanger og Rennesøy.

Før folkeavstemning i Finnøy

Helene Steen og Marte Sevheim Haga vil begge behalde Finnøy slik den er i dag.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

16-åringane Helene Steen og Marte Sevheim veit kva dei vil:

– Eg likar Finnøy, eg synest ikkje det er noko problem at me er små.

– Eg likar at Finnøy er ein eigen kommune.

Likevel trur dei det blir ja til det siste alternativet.

– Eg trur nok vil blir slått saman sidan ordføraren vil det.

For ordførar Henrik Halleland er blant dei mange lokalpolitikarane i Finnøy som er positive til samanslåing med Stavanger og Rennesøy.

– Moden for samanslåing

– Eg trur dette med kommunesamanslåing er modent for Finnøy. Og eg trur det beste alternativet er å bli med i ein storkommune i lag med Stavanger.

Men med sine vel 3200 innbyggjarar er Finnøy ein svært liten kommune samanlikna med Stavanger. Og trenden frå folkerøystingar andre stader i landet har vore at dei små seier nei til dei store.

Halleland forstår at mange synest det verkar skummelt at vesle Finnøy skal gå saman med store Stavanger.

– Men eg trur den avtalen me har fått til med Stavanger er god. Det er vist vilje frå båe sider til å finne gode løysingar, og det trur eg vi har greidd, seier han.

Trur det blir jamt

I tillegg har også innbyggjarane i nabokommunen Rennesøy sagt ja til kommunesamanslåing. Og størst oppslutnad fekk Stavanger-alternativet.

Henrik Halleland

Ordførar Henrik Halleland vågar ikkje spå utfallet av folkerøystinga i dag.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

Ordføraren i Finnøy trur det kan hjelpa Ja-sida, men er likevel svært spent på resultatet.

– Ja, eg er forferdeleg spent. Dette er eit avgjerande val for Finnøy kommune, og eg føler at det er veldig jamt.

Seks prosent av folket har førehandsrøysta, og Halleland håper mange fleire kjem i dag.

– Jo større oppmøte, jo klarare svar til kommunestyret, så det er ufatteleg viktig at folk brukar stemmeretten, seier han og lover å følgja folkeviljen uansett.

– Me har ikkje denne folkerøystinga for løye.

– Treng ikkje Stavanger

Dei to 16-åringane, Helene og Marte, fortel at mange på deira alder seier ja, fordi dei trur at ting då blir billegare, og at dei får fleire fritidstilbod.

Likevel håper dei på nei. For Finnøy likar dei akkurat slik som den er.

– Det er så fin ein plass, det er hyggelege folk, alle helsar på kvarandre. Me treng ikkje Stavanger, berre når me skal shoppe, seier dei.