NRK Meny
Normal

Sleit seg gjennom 40 timar med sjakk

Magne Sagafos og Joachim Berg-Jensen klarte så vidt å halde auga opne, men etter 40 timar, 42 minutt og 30 sekund var verdsrekorden i lynsjakk sikra.

Verdensrekord i lynsjakk

Dei to ferske verdsrekordhaldarane, Joachim Berg-Jensen og Magne Sagafos, var svært slitne på slutten.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Sliten, definitivt. Men veldig letta over at det gjekk til slutt, seier Joachim Berg-Jensen.

Han og Magne Sagafos har spelt 251 parti med lynsjakk i løpet av 40 timar, 42 minutt og 30 sekund.

Det er ein prestasjon ingen andre i verda kan skryte av, men enkelt var det ikkje.

Vurderte å gi seg

– Det har vore veldig slitsamt for ryggane våre, seier Berg-Jensen.

På eit tidspunkt vurderte han å gi seg.

– Det var faktisk så ille. På eit tidspunkt rundt 30. speletime så var eg så dårleg at eg såg ikkje brettet og brikkene skikkeleg. Eg flytta feil på brettet, seier den ferske verdsrekordhaldaren.

Verdsrekordforsøket starta klokka 16 måndag ettermiddag. Den førre verdsrekorden på 40 timer og 20 minutt blei sett i Tyskland i 2010, og den greidde dei altså å slå med 22 minutt og 30 sekund.

Artikkelen held fram under bilete

Magne Sagafos

Magne Sagafos får vatn i ansiktet for å halde seg vaken.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Ville halde ut i 80 timar

Magne Sagafos var optimistisk i løpet av verdsrekordforsøket. Og han spøkte med at han ville halde ut i 80 timar.

– Eg var kanskje litt kjepphøg. Det går opp og ned heile tida. Eg trur kanskje eg kunne halde ut litt til, men alt i alt så trur eg det var riktig å gi seg no, seier Sagafos.

Om den nye verdsrekorden vil bli ståande lenge er dei usikre på.

– Det blir spanande å sjå. Det kan vera at den blir ståande ei stund. Men me trur at den publisiteten som dette no har fått vil vekke interessa blant det norske sjakkfolk, seier Sagafos.

Tek pause frå sjakken

Men eit nytt verdsrekordforsøk i lynsjakk blir det ikkje på Berg-Jensen med det første. Han har fått sin dose med sjakk for ei stund.

– Det blir ei stund til. No skal eg berre følgje med, og ikkje spele noko sjølv. Eg merka det dei siste timane under kampen vår at no var eg lei, seier han.

Verdsrekord i lynsjakk

Joachim Berg-Jensen og Magne Sagafos blir gratulert av sjakkpresident Jøran Aulin-Jansson.

Foto: Øystein Otterdal / NRK