Hopp til innhold

Speler på kjempe-iPad i barnehagen

Heile bordet er ein einaste stor skjerm, som skal gjere barn og tilsette i barnehagen betre kjend med ny teknologi. Ikkje alle elskar at ungane får meir skjermtid.

Barnehagaborna matar eit monster med bokstavar på "nettbordet".

BOKSTAVSPEL: Dei kallar det «den store iPaden». Det er eit nettbord der heile bordflata er ein stor touch-skjerm.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Sondre, Pia, Alma og Emily matar monsteret med vokalar og konsonantar på den digre skjermen.

Og denne digre skjermen skal gjere både dei og dei vaksne i barnehagen betre kjend med ny teknologi og nettvett.

– Eg syns det er veldig kjekt å bruke saman med ungane, og me ser at dei har enorm utvikling når dei bruker det, seier barne- og ungdomsmedarbeidar Astrid Dybdahl.

Astrid Dybdahl og Pia Levang.

ALDRI ALEINE: Ungane får ikkje lov å bruke «kjempe-iPaden» aleine. Det er alltid ein vaksen som er med. Fokuset skal ikkje vere på spelinga, men på læring.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

«Nettbordet» er del av eit pilotprosjekt i Sandnes kommune, med mål om å auke den digitale kompetansen hos tilsette, og bidra til betre møter mellom ungar og teknologi.

– Det har vore eit pilotprosjekt, og vi har no rulla ut nettbord i alle kommunale barnehagar i kommunen, seier Marta Cichocka, rågjevar i fagstab for oppvekst i Sandnes kommune.

Men ikkje alle er like begeistra. Fleire tenkjer: endå meir skjerm?

– Det har rett nok kome nokre reaksjonar på dette allereie, seier Cichocka.

Dagleg kamp om å avgrense skjermtid

– Eg og dei fleste eg kjenner har ein dagleg kamp om å avgrense skjermtid på telefonar, nettbrett, YouTube og alt som er, seier Gaute Brochmann.

Brochmann er småbarnsfar og forfattar av boka «De digitale prøvekaninene». Han opplever at det å bruke ny teknologi i undervisning har blitt eit mål i seg sjølve, utan særleg dokumentert effekt.

Gaute Brochmann

MEIR ENN NOK: Gaute Brochmann meiner born har altfor mykje tid framfor ein skjerm allereie, og eit skal ha ein veldig god grunn for å innføre meir skjermtid i barnehagen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Eg trur ikkje det er farleg å sitte litt på skjerm kvar dag, men i det store biletet handlar det om kva ein ikkje gjer, seier Brochmann.

Han trur uansett ikkje borna vil ha eit problem med å tilpasse seg teknologi, men er heller redd det kan bli for mykje av det gode.

– Frå dei er veldig små blir born orientert mot å sjå verda gjennom eit brukargrensesnitt på ein digital eining.

Førebuing til skulestart

Rådgjevar Marta Cichocka meiner dei yngste ikkje skil mellom det digitale og analoge, og at eit tidleg møte med teknologi kan gje sunt nettvett, og førebu borna på skulestart.

Marta Cichocka, rådgjevar i fagstab oppvekst barn og unge i Sandnes kommune.

FORPLIKTA: Barnehagen er forplikta til å bruke digitale verktøy til leik og kreativ utfolding, fortel Cichocka. Det er fastslått i rammeplanen.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Eg trur at om barnehagen bidreg også på dette området trur eg born blir mykje tryggare i møtet med teknologien framover, allereie før dei går over til skulen, seier Cichocka.

Ho påpeiker òg at nettbordet er mykje meir enn berre ein skjerm til å spele på, og at det er fleire verktøy som er retta mot meir kreativ utfolding for borna.

Astrid Dybdahl meiner det er greitt at ungane lærar å avgrense seg sjølv òg, og trur at dei har godt av å kjenne på «kor lenge skal eg spele?».

– Eg merker når dei har heldt på lenge med dette, og dei treng å komme seg ut å gjere andre ting òg. Dei blir gira om dei held på for lenge, seier ho.

Barnehageborna får bygge-instrukser på skjermen.

PRAKTISKE OPPGÅVER: Byggeinstruksane er digitale, men byggeklossane er heilt ekte.

Foto: Elias Håvarstein / NRK