NRK Meny
Normal

Spektakulært lysshow over Haugalandet i natt

Med klar himmel blei det eit fantastisk syn då Nordlyset dansa på himmelen nord i Rogaland i natt.

Nordlys over Haugalandet

Dette bilete blei teke onsdag kveld på Torvastad på Karmøy.

Foto: Kjell Bua

Nordlyset skal ha starta i 19-tida i går kveld og har heldt det gåande utover natta.

Frilandsfotograf Kjell Bua var ute fleire stader og fanga det flotte grøne lyset.

– I kveld var det eit forrykande show på den klare himmelen, nordlyset dansa over himmelen og fleire stader i distriktet kunne dette fantastiske lyset sjåast, seier han.

Også på Tysvær skal nordlyset ha vore klart.

Laster Instagram-innhold
Laster Instagram-innhold
Laster Instagram-innhold

«Hele Rogaland fryser»

Det er ikkje berre nordlys som gjer stemninga i fylket magisk for tida.

I går bad NRK Rogaland lesarane våre om å senda inn video og bilete som syner fram det flotte vintervêret me har etter ein lengre kuldeperiode.

Resultatet blei videoen «Hele Rogaland fryser»:

Frosne tær, snømenn i hagen eller kanskje en iskald tur til skolen? Vi har samlet inn iskalde bilder og videosnutter fra hele Rogaland.

Me har fått inn hundrevis av bilete og videoar av ein iskald rogalandsmorgon. Her er resultatet.

Fleire kulde-bilete frå lesarane våre:

Laster innhold, vennligst vent..