Hopp til innhold

Spekkhoggarar i Sandeidfjorden

Det er eit uvanleg syn som har møtt folk i Sandeidfjorden dei siste dagane. Ein flokk spekkhoggarar har nemleg besøkt fjorden.

– Det var eit fantastisk syn. Dette er slett ikkje kvardagskost på desse trakter, seier Gunn-Marit Hårde.

Ho bur i byggefeltet i Sandeid og har utsikt mot fjorden. Laurdag morgon såg ho tre spekkhoggarar – heilt inne med kaien i Sandeid.

– Det har vore spekkhoggarar her før. Men det må vera om lag 30 år sidan, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Spekkhogger

Gjekk nesten av hengslene

Men det var ikkje lenge Gunn-Marit fekk sjå den svarte og kvite delfinarten i Sandeid i helga. Etter 20 minutt var dei forsvunne.

– Eg gjekk nesten av hengslene. Eg trudde først det var niser, men kunne seinare slå fast at det var spekkhoggarar.

Trur du at du kjem til å få sjå dei igjen?

– Eg tvilar på det. Det er lite sild i fjorden og dermed lite mat til spekkhoggarane. Kva som gjorde at dei forvilla seg inn i fjorden denne gongen, veit eg rett og slett ikkje.

– Fantastisk syn

NRK får også meldingar frå andre som har sett spekkhoggarar i området den siste tida. Blant dei Håvard Berakvam som fotograferte det han såg.

– Det var heilt fantastisk å sjå så store og flotte dyr rett utanfor stovevindauge.

Første gong han såg spekkhoggarane var dei 20–30 meter frå strandkanten.

– Eg har aldri sett noko liknande i Sandeidfjorden. Det har ikkje far min heller og han er snart 70 år, seier han.