Hopp til innhold

Speidarar evakuert frå leiren

Over 100 speidarar måtte evakuerast i går frå landsspeidarleiren Gnist i Forsand. Det kom så mykje regn i leirområdet at 106 speidarar måtte flytta frå teltleiren og inn i klasserom, gymsal og eit stort fellestelt. Regnet var så kraftig at delar av leirplassen blei oversvømt. Det er om lag 3500 speidarar samla på landsleiren i Forsand.