Hopp til innhold

Speida etter båtflyktningar med kikkert

Eit veninnepar frå Stavanger var dei første til å ta imot fleire båtar med flyktningar på Lesvos førre veke. – Røde Kors har ikkje kapasitet til å driva hjelpearbeid på strendene, vedgår Thomas Syvertsen i Røde Kors.

Flyktningar på Lesvos

Midt på natta har Siw Trettenes (44) og Ragnhild Abercombie (33) frå Stavanger teke imot nok ein båt full av flyktningar på ferieøya Lesvos.

Foto: Ragnhild Abercombie / Privat

Mange har late seg engasjera av flyktningkrisa i Europa den siste tida.

Nokon blir så engasjerte at dei bestiller flybillett til middelhavsland for å hjelpa til på eiga hand. To av desse er Siw Trettenes (44) og Ragnhild Abercombie (33) frå Stavanger. Natt til fredag kom dei heim etter fem dagar på Lesvos i Hellas.

Flyktningar kjem i land på Lesvos

Her kjem nok ein båt med flyktningar inn på stranda på Lesvos.

Foto: Ragnhild Abercombie

– Me hadde kikkert med oss og speida etter båtar frå stranda, deretter køyrde me der båtane såg ut til å koma i land. Der tok me imot folka som var om bord, fortel Abercombie til NRK.

Dei var berre to av fleire nordmenn, som var der for å hjelpa båtflyktningane som kom sjøvegen frå Tyrkia, men som ikkje jobba for ein hjelpeorganisasjon. Dei to damene frå Stavanger var dei første til å ta imot fleire av båtane som kom.

– Slik situasjonen er nå kjem det fleire titals båtar til Lesvos kvar dag. Det var ingen andre enn oss som tok imot dei, seier Abercombie.

Strendene på ferieparadiset er nå fulle av oransje redningsvestar og øydelagde gummibåtar.

Ragnhild Abercrombie

Ragnhild Abercombie er boreingeniør men har mammapermisjon. Ho reiste ei veke frå barnet sitt til Lesvos for å hjelpa båtflyktningar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Gav barna slikkepinne

Malik frå Syria

Malik kjem frå Syria, og fekk klede, vatn, mat og ein bamse sonen til Ragnhild Abercombie hadde sendt med.

Foto: Ragnhild Abercombie

Siw Trettenes er barnevernspedagog, og meiner at hennar erfaring med debrifing og traumehandsaming kom godt med.

– I fleire båtar var det barn. Då hjelpte me til med å ta barna i land. Dersom dei var kalde pakka me dei inn i pledd, som me hadde med oss. Då alle var i land presenterte me oss og spurde fint om me kunne hjelpa dei, fortel ho.

Deretter kunne dei by dei på tørre klede som dei hadde med frå Norge, i tillegg til noko ekstra til barna.

– Etterpå gav me barna slikkepinne og ballongar. Dette var noko som hadde ein kjempeeffekt. Då blei det noko gøy for barna i det som elles er ein veldig vaksen situasjon, seier Ragnhild Abercombie.

Dei forklarer vidare at dei heldt det gåande kvar dag i om lag 15 timar dagen. Det skal ha vore om lag 30 fleire nordmenn der nede, som også hjelpte til utan å vera del av ein organisasjon.

Veninnepar frå Rogaland på Lesvos

Sjå video frå ein køyretur langs stranda i Lesvos.

Flest syrarar

Medan flyktningane strøymer til øya med berre 90.000 innbyggarar, er mange urolege for situasjonen på Lesvos. Fleire tusen (17.000 tidlegare denne månaden) bur i provisoriske leirar og dei sanitære forholda er dårlege.

Ifølgje avisa The Telegraph har det samla sett kome 184.000 personar til Lesvos i år. Om lag 70 prosent av dei er frå Syria, andre kjem frå Afghanistan og Irak.

Etter flyktningane er registrerte i byen Mytilini kan dei transporterast vidare inn i Europa.

NRK har tidlegare fortalt om eit mottaksapparat som sviktar, og om flyktningar som blir sittande lenge i vente på å bli registrerte, for så å bli sendt vidare til det greske fastlandet. FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har bedd om at flyktningane som har kome til Lesvos blir frakta vekk frå øya, på grunn av forholda.

Flyktningar på Lesvos
Foto: Ragnhild Abercombie

– God moglegheit til å hjelpa

Reiseselskap NRK har snakka med opplyser om at reisande som kontaktar dei med omsyn til flyktningsituasjonen er meir opptekne av korleis dei kan hjelpa til, enn frykt for at ferieidyllen kan bli øydelagd av flyktningstraumen.

– For dei som kan makta det er dette ein god moglegheit til å hjelpa folk som treng det, for det er ingen andre der nede som tek dei imot når dei kjem inn på strendene. Verken Røde Kors eller andre hjelpeorganisasjonar, fortel Abercombie.

Fleire flyselskap lar også dei reisande ta med seg ekstra baggasje, dersom det er for å hjelpa til i flyktningsituasjonen.

Siv Trettenes

Siv Trettenes og veninna reiste til Lesvos for å hjelpa båtflyktningar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Kan ikkje vera over alt

Pressetalsmann i Norges Røde Kors, Thomas Syvertsen, kan stadfesta at dei ikkje er på stranda og tilbyr hjelp til dei som kjem inn med båtane.

– Me er til stades på Lesvos, men me jobbar inne på mottaka der flyktningane registrerer seg, ikkje på strendene. Det er inga anna grunn til det enn at me ikkje har kapasitet til å vera over alt, forklarer Syvertsen, som nett har vore på øya.

Han forklarer at den lokale Røde Kors-gruppa på øya delar ut mat og vatn i registreringsleirane.

Thomas Syvertsen

Thomas Syvertsen i Røde Kors seier det er viktig at dei som reiser for å hjelpa også tenkjer på si eiga helse.

Foto: privat

– Det er likevel viktig å seie at Røde Kors er i gang med ein svær internasjonal operasjon for å hjelpa flyktningar i land som mellom anna Hellas, Makedonia, Serbia og Ungarn, seier han.

Han er glad for at nordmenn, som Ragnhild og Siw engasjerer seg, men kjem likevel med ei åtvaring.

– Det er viktig at uorganiserte som reiser ned for å hjelpa tenker på si eiga helse også. Mange er kanskje ikkje førebudde på kor sterke inntrykk ein får, og folk kan kanskje jobba mykje meir enn det dei har kapasitet til, seier han.

Lesvos

– Mykje vondt

For Siw Trettenes og Ragnhild Abercrombie var det ein dokumentar om den norske supplybåten «Siem Pilot» som er sett inn i hjelpearbeidet, som blei avgjerande for at dei reiste. Ragnhild valde endå til å reisa frå sin åtte månader gamle baby Benjamin.

– Me har det ikkje berre godt i Norge, me har det faktisk så godt at me kan reise for å hjelpe andre, i tillegg til å ha det godt sjølv. Derfor gjekk det heilt greitt å reise frå barna. Me visste at me ville koma tilbake og at dei ville vera trygge, seier Abercombie.

Likevel gjorde opplevingane på Lesvos inntrykk.

– Det er tøft å sjå barn, som er like gamle som dine eigne, som har det så utruleg fælt, seier ho.

Nå har dei to allereie byrja å snakka om ein neste tur til ferieparadiset, som ikkje liknar spesielt mykje på paradis lenger.

Ein halv million migrantar til Europa

Tysdag føremiddag presenterte FN dei ferskaste tala som syner kor mange migrantar som har teke seg over Middelhavet i år.

Talet skal ha passert 500.000, og 383.000 av desse skal ha gått i land i Hellas.

Minst 2.980 menneske har mista livet eller forsvunne i forsøket på å ta seg over Middelhavet til EU i år, ifølgje FN.