Hopp til innhold

Spedbarn innlagde med RS-virus

Dei siste to vekene har ni spedbarn blitt innlagde på Stavanger universitetssjukehus (SUS) med RS-virusinfeksjon, melder Aftenbladet. SUS opplever ei tydeleg auke i innlagde barn med RS-virus og ventar ein stigning i vekene framover. Dei yngste spedbarna blir oftast ramma hardast av RS-virus, men for dei fleste er ikkje viruset farleg.