Hopp til innhold

Sparka politistudent med kneet - og sparka sko etter lege

Ein uvørden mann på byen i Haugesund likte dårleg at vaktene på utestaden bad politiet om hjelp. Det gjekk ut over både politiet og vakthavande lege i Haugesund.

Vaktene på ein utestad i Haugesund måtte i natt be politiet om hjelp til å ta hand om ein vanskeleg gjest i 30-åra. Men då politiet kom sette mannen seg opp.

Han sparka i politibilen og sparka til ein politibetjent, opplyser Sør-Vest politidistrikt i Haugesund i sin politilogg.

Mannen blei tatt med til legevakt for medisinsk vurdering før han skulle bli innsett i arresten. Der klarte han å sparka ein politistudent to gonger med kneet. Han skal ifølge politiet også ha sparka ein sko etter vakthavande lege.

Mannen i 30-åra kom også med ein serie trugslar mot politifolka som han sa han ville oppsøka i ettertid for revansj.

Verken politibetjenten, politistudenten eller legen blei skadd.

Ifølge politiet er saka så alvorleg at den ikkje kan bli avgjort med eit førelegg når mannen blir slept fri frå arresten.

Mannen var rusa og blir avhøyrd når han blir endru, ifølge politiet skjer det eit godt stykke ut på søndag føremiddag.