NRK Meny
Normal

Sparer millionar på å unngå rushtrafikken

Daglegvaregrossisten Asko på Skurve i Gjesdal såg seg lei av all rushtrafikken. Nå leverer dei 40 prosent av varene på kveldstid og sparer millionar av kroner.

Johne Fundingsland

Sjåfør Johne Fundingsland likar godt at Asko har lagt om store delar av vareleveransane sine til kveldane. Då slepp han kø og det er fredelegare ute hos kundane.

Foto: Magnus Stokka

– Køkostnadane i 2014 ville nok blitt på fire millionar kroner dersom me ikkje hadde køyrd ut varer på kveldstid, seier Stig Brekke, distribusjonsdirektør ved Asko på Skurve.

Frå Asko Rogaland sitt varelager i Gjesdal rullar det ut om lag 70 lastebilar i døgnet til butikkar frå Bømlo i nord til Moi i sør. Inne på lageret er det 25.000 produkt i dei fleste kategoriar innan daglegvarehandelen.

– Kveldskøyring gir best resultat

Men den stadig aukande rushtrafikken på Nord-Jæren har for lengst blitt eit stort problem for daglegvaregrossisten – som tidlegare køyrde ut alle varene på dagtid.

Hallvard Ween

Hallvard Ween, regiondirektør i NHO.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Våren 2013 la dei om til kveldskøyring, med vareleveransar frå klokka 16 til 21 på kvelden. I dag skjer 40 prosent av all vareleveranse på kveldstid frå det gigantiske lageret på Skurve, og køkostnadane er redusert til 2,2 millionar kroner.

– Varelevering på kvelden er blitt viktig for oss. Det er avgjerande for at distribusjonen skal skje effektivt. Å stå i kø er miljømessig feil for vår del og kostbart, seier Brekke.

Også sjåførane set pris på forandringane i arbeidskvardagen, trass at det betyr meir kveldsarbeid.

– Me prøvde nattkøyring i Haugesund, men kveldskøyring gir best resultat. Me slepp køane og det er fredelegare ute hos kundane, fortel sjåfør og bilansvarleg Johne Fundingsland.

NHO: – Ikkje alternativ til vegutbygging

NHO i Rogaland synst det er prisverdig at Asko har gjort endringar i arbeidskvardagen på grunn av trafikkutfordringane på Nord-Jæren.

Men regiondirektør Hallvard Ween påpeikar at dersom fleire bedrifter følgjer etter er me på veg mot eit døgndrive samfunn.

– Dette er ei naudløysing, slik eg ser det. Tariffane er ikkje tilpassa dette og det må til ekstrakompensasjon i forhold til normalarbeidstider. Meir kveldsarbeid ute hos bedriftene er ikkje eit alternativ til å utbetra vegnettet, seier Ween.

Varer på asko

Johne Fundingsland lastar bilen med daglegvarer før avreise mot Tasta.

Foto: Magnus Stokka