Hopp til innhold

Smottholet er ein smal og kronglete veg

Fleire bilistar har i dag lagt ut på ein smal, svingete og til tider gruslagd veg, for å spara fleire timar på turen mellom Kristiansand og Stavanger. – Ikkje særleg lurt å køyra den vegen, ifølgje Vegvesenet.

Stavanger til Kristiansand

  • OPPDATERT: Mandag morgen klokka 06 er E39 åpnet igjen!

På grunn av ekstreme vassmengder og snø og uvêr på fjellet har så og sei alle vegar mellom Stavanger og Kristiansand vore stengde.

Det finst likevel dei som har funne eit smotthol. Ein smal og dårleg veg mellom Sira og Tonstad i Vest Agder. (Sjå ruta som er merka med raudt på kartet.)

Dette er ein veg Vegvesenet ikkje vil tilråda folk å ta ut på.

– Det er ikkje særleg lurt å køyra den vegen, seier Eivind Stangeland i Vegvesenet.

Kronglete grusveg

Både på Tonstad og på Sira ligg det bensinstasjonar som i dag har blitt rende ned av folk som lurer på korleis dei skal køyra.

Det er her bilistane har blitt opplyste om fylkesveg 901, som går på vestsida av Sirdalsvannet.

Ein veg som til tider er grusveg, og som både er smal og kronglete.

Betre omkøyringsmoglegheiter etter klokka åtte

Laster Twitter-innhold

Vegvesenet vurderer fortløpande om dei vil opna hovudvegen mellom Kristiansand og Stavanger.

– Førebels er prognosen vår at me opnar E39 ved Bjerkreim klokka 20.00, men den vil truleg vera stengt til i morgon ved Drangsdalen, seier han.

Så skal du mellom Stavanger og Kristiansand utover kvelden så må ein køyra E39 og fylkesveg 42 der omkøyringa er skilta.