NRK Meny
Normal

Spår lågprishotell i Stavanger

Hotellboomen i Stavanger-regionen vil føra til noko regionen ikkje har hatt før, nemleg lågprishotell. Det trur professor ved Norsk Hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger, Reidar Mykletun.

Clarion Hotel Energy

Slik blir Clarion Hotel Energy på Tjensvoll i Stavanger sjåande ut når det står klart i august. Professor Reidar Mykletun trur den storstilte hotellutbygginga i regionen vil slå ut på prisane på sikt.

Foto: Snøhetta AS/Nordic Choice Hotels

– Lågpris i Stavanger vil bety prisar på 12–1300 kroner per natt, seier professor Mykletun til NRK.no.

Han minner om at «skikkeleg lågpris» i Norge er under 1000 kroner natta, og at ein truleg ikkje får oppleva slike prisar i Stavanger-regionen.

Prisdumpinga på enkelte hotell kjem som direkte følgje av konkurransen den storstilte hotellbygginga i Stavanger-regionen vil gi, ifølge professoren.

Reidar Mykletun

Reidar Mykletun, professor.

Foto: Erik Waage / NRK

Professoren spår også ringverknader ut over Stavanger.

– I Sandnes, Sola og nedover på Jæren vil det vera sjansar for at hotellprisane går endå meir ned. Dette fordi desse hotella er i utkanten av ein marknad som må droppa prisane, seier han.

– Vil alle hotell klara seg i denne konkurransen?

– Me vil nok oppleva eit par hotell som bygg om til for eksempel hyblar og leilegheiter, seier professoren.

Investeringar for 3,4 milliardar

I går vann Petter Stordalen kampen om nytt prestisjehotell i Bjergsted til ein halv milliard kroner. Men dette er berre toppen av hotellboomen.

Til saman vil det komma rundt 2900 nye rom i regionen med kommunane Stavanger, Sandnes og Sola fram mot 2018. Det er ei auka på 60 prosent frå dagens kapasitet, skriv Dagens Næringsliv fredag.

Til saman skal det investerast rundt 3,4 milliardar kroner i nye hotell, i tillegg til utvidingar av eksisterande hotell.

Elisabeth Saupstad

Elisabeth Saupstad, reiselivsdirektør.

Foto: Monica Larsen/Region Stavanger

Det største prosjektet, Clarion Hotell Energy på Tjensvoll, blir Norges største hotell utanfor hovudstaden. Det skal vera ferdig i august i år og vil åleine auka romkapasiteten i Stavanger med 15 prosent.

Elisabeth Saupstad er reiselivsdirektør i Region Stavanger. Ho trur ikkje hotellprisane kjem til å gå ned i helgene, men trur på ei utflating i vekedagane.

– Erfaringane frå andre byar som har fått stor auke i hotellkapasiteten er at ein først opplever ei utflating prisane, mellom tre og fem prosent. Etter kvart klarer ein sakte men sikkert å bygga seg opp, seier ho til NRK.no.

Dårlegare lønnsemd

Konkurransen blir uansett garantert tøff i Stavanger-regionen dei komande åra, og hotellrådgivingsfirmaet Hotelia i Oslo spår dårlegare lønnsemd for hotella.

– Fram til 2017 kan det vera at RevPar (inntektene per rom, jour.merk.) går ned med 15 prosent, seier Erik Myklebust til Dagens Næringsliv.

Professor Mykletun støttar denne analysen.

– Det blir veldig vanskeleg å halda inntektene per rom ved like med denne konkurransen, seier han til NRK.no

Han seier det spesielt er dei nye hotella som vil streva mest når det gjeld lønnsemd, sidan dei eksisterande hotella har ein marknad frå før.

Det er denne konkurransen som vil føra til at enkelte hotell blir nøydde til å senka prisane, ifølge Mykletun.

– Dette blir nok tatt godt imot av dei reisande, og ikkje minst arrangementsindustrien. Det ligg nemleg eit uutnytta potensial i helgetrafikken i regionen.

Dette synet deler reiselivsdirektør Saupstad.

– Me arbeider med å få folk til å sjå at Stavanger er ein helgeby. Det er alt store planar om aktivitetar og kulturpakkar, seier ho.