Sp får begge toppverva i Suldal

Senterpartiet får både ordføraren og varaordføraren i Suldal, melder Suldalsposten. Sp blei den store valvinnaren i Suldal med ein oppslutnad på 44,6 prosent. Gerd Helen Bø held fram som ordførar og Øyvind Lovra Tveitane blir truleg varaordførar.