NRK Meny

SOSIALUTGIFTENE AUKAR:

Dei sosiale utgiftene for Stavanger kommune auka kraftig på slutten av 2015. Konstituert rådmann, Kristine C. Hernes meiner årsaka er den økonomiske utviklinga i regionen med blant anna dobling av arbeidsløysa.
Hernes ventar at dei sosiale utgiftene vil halde fram med å auke i år. Det foreløpige regnskapet for Stavanger kommune i 2015 vart likevel betre enn rekna med på grunn av auke i skatteinntektene på slutten av året og stram økonomistyring.