Hopp til innhold

Haugesund kuttar i sosialhjelpa

I formannskapet onsdag ettermiddag kjem truleg sosialhjelpa i Haugesund til å bli redusert med totalt to millionar kroner. I gjennomsnitt utgjer det om lag 2000 kroner i året for kvar sosialhjelpsmottakar.

Haugesund rådhus

Ordføraren fryktar eit tap på minst 20 millionar kroner.

Foto: Odd Helge Liestøl

Petter Steen jr.

Petter Steen, ordførar i Haugesund (H)

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Sosialhjelpssatsane i Haugesund ligg i dag høgare enn dei nasjonale vegleiande satsane. Derfor trur eg at fleirtalet i formannskapet kjem til å følge rådmannen sitt forslag, og setje ned sosialhjelpsytingane med to millionar kroner, seier ordførar i Haugesund, Petter Steen (H).

Prøver å unngå underskott

Dersom ikkje noko blir gjort, ligg Haugesund an til å få eit underskott på minst 20 millionar kroner i 2014. Ein viktig årsak til det er at sosialhjelp-utbetalingane er 15 millionar kroner høgare hittil i år, enn budsjettert.

Det har faktisk blitt færre mottakarar av sosialhjelp dei siste åra, men det blir utlikna og vel så det av:

– At sosialhjelpssatsane har gått opp.

– At husleiga, der sosialhjelpsmottakarane bur, har auka

– At talet på bustader, som kommunen har skaffa til sosialhjelpsmottakarane, har blitt større, seier ordføraren.

Større kutt neste år?

Det er om lag 1000 personar som mottar slik støtte av dei om lag 36 000 innbyggjarane i Haugesund. Rådmannen har signalisert at han vil foreslå ytterlegare ti prosent reduksjon i sosialhjelp-ytingane i 2015.

– Det trur eg nok politisk blir veldig omdiskutert og der blir det nok mykje diskusjon, seier Steen.

– Men vil du avvise det alt nå?

– Personleg har eg veldig høg terskel for å gå inn på eit slikt forslag. Men alle andre forslag som kan få ned sosialkostnadene og å få fleire av mottakarane inn i arbeid, dei er eg positive til, avsluttar Steen.

– Vil ikkje ta frå dei som har minst

Alle er derimot ikkje like einige i forslaget. Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Arne-Christian Mohn ønsker å be rådmannen om å sjå om kutta kan løysast på eit anna vis.

– Petter Steen har fleirtal, og kan gjera eit vedtak om dette, men me vil høyra med rådmannen om det ikkje finst ein annan måte, slik at me slepp å ta frå dei som har minst, seier gruppeleiaren.

Han meiner at Haugesund kommune har brukt feil taktikk i innsparingane, ved at dei kuttar litt overalt. Ap trur det er betre om dei ser på enkeltsaker som gjev tydelege innsparingar.

Mohn meiner at rådmannen bør sjå på moglegheiter som for eksempel å slå saman to skular, i staden for å redusera sosialhjelpa.

– Eller me kan sjå på moglegheita for å stenga av ein avdeling på ein av sjukeheimane, seier Mohn.