Sosiale media viktigare, men overtar ikkje valkampen

Sosiale media har blitt viktigare i denne valkampen, men dei utkonkurrerer ikkje tradisjonelle media, seier sentral medievitar.

Pollestad og Bru på Sosiale medium

Om lag fire millionar nordmenn er på Facebook kvar dag. Då er også sjansen ganske god for å kunne treffe dei med politiske meiningar og diskusjonar.

Foto: Skjermdump

Val

Heilt sidan stortingsvalet i 2009, har framoverlente folk peika på at sosiale media kunne overta som viktigaste media i valkampen.

Det skjedde også før valet i 2013 og har vore diskutert i denne valkampen, men heller ikkje nå har det skjedd, seier medievitar, og spesialist i sosiale media, Gunn Enli ved Universitetet i Oslo.

Gunn Enli

Professor i medievitskap Gunn Sara Enli, meiner at tradisjonelle media ennå er viktigast for veljarane i valkampen.

Foto: UiO

– Endå er det tradisjonelle media som er dei viktigaste, eller som i alle fall alltid spelar i lag med sosiale media, seier ho.

Viktigare enn før

Tina Bru er Høgre si kvinnepolitiske talskvinne. Ho har alt i fleire år nytta Facebook og Twitter på ein bevisst måte for å nå fram til veljarane.

– Sosiale media er viktigare nå enn før fordi stadig fleire hentar nyheitene sine derfrå, seier Bru.

Tina Bru på garasjefest i Sandnes for å snakka om politikk

Tina Bru snakkar om politikk på ein garasjefest med ni deltakarar i valkampen. Etterpå fortalde ho om det på sin eigen FB-konto.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho meiner også at den offentlege samtalen, diskusjonane om kva som skjer i samfunnet, i stadig større grad skjer i kommentarfelta på for eksempel Facebook.

Største mediekanalen

Om lag fire millionar nordmenn er på Facebook kvar dag. Då er også sjansen ganske god for å kunne treffe dei med politiske meiningar og diskusjonar.

Det er dette også stortingsrepresentant Roy Steffensen frå Framstegspartiet merka seg.

– Du vinn ikkje valet ved å vera best på Facebook, men du vinn heller ikkje valet utan å vera god på Facebook, seier Steffensen.

Han meiner at det viktigaste er å møta veljarane ansikt til ansikt og gjennom tradisjonelle media, men at Facebook er krydderet i totalmiksen.

Korrigering

Geir Pollestad, førstekandidat for Senterpartiet i Rogaland, har denne valkampen satsa meir på eigne videoar enn før. Han har også endra meining om kor viktig sosiale media er for å korrigera nyheitsbildet.

Geir Pollestad

Geir Pollestad meiner at sosiale media fungerer for å korrigere nyheiter du sjølv er misnøgd med.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Tidlegare trudde eg ikkje det hadde noko å seie, men nå ser eg at spesielt ministrar gjer det for å korrigera og latterliggjere presseoppslag dei er usamde i, seier Pollestad.

Høgste prioritet

– Sosiale media har blitt viktige i denne valkampen gjennom at partia og politikarane prioriterer det endå høgare enn før, seier professor Gunn Enli.

Ho peikar på at det har skjedd ei profesjonalisering gjennom at partia nå brukar eksterne krefter for å forme ut bodskapen på desse plattformene.

– Partia set nå opp eigne valstudio og sender live på Facebook. Dette var ikkje teknisk mogeleg for fire år sidan, seier Enli.

Ut frå det ho har sett i denne valkampen konkluderer Enli med at sosiale media blir viktigare, men det betyr ikkje at dei overtar alt.

– Det er ingen ting som tyder på at sosiale media overtar som hovudarena for valkampen. Der er det ennå tradisjonelle media som rår, seier ho.