Hopp til innhold

Sørlandsbana er stengd

  • FORSEINKINGAR PÅ SØRLANDSBANA:

    – Det blir forseinkingar både på lokaltoga og regiontoga, seier Gina Scholz, pressevakt i NSB, etter at signalfeil stengjer Sørlandsbana mellom Moi og Hellvik. Jernbaneverket reknar med at det kjem til å ta mellom ein og to timar å reparera feilen. NSB ber reisande halda seg oppdatert på nsb.no (NB! Ekstern lenkje).

  • SØRLANDSBANA ER STENGD:

    Sørlandsbana er stengd mellom Hellvik og Moi, melder NSB. Det er problem med signalanlegget som gjer at bana er stengd for togtrafikk. NSB jobbar med å skaffa alternativ transport.