Hopp til innhold

– Lukta er så grufull at me ikkje kan vera ute

Mengder med søppel blir dumpa under Risøybrua i Haugesund. Naboane har fått nok for lenge sidan. I dag inviterte dei ordføraren til søppeltomta, og no vil han rydde opp.

Søppel i Haugesund

Slik ser det ut under Risøybrua i dag. No har naboane fått nok.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Det er heilt forferdeleg. Eg må jo gå inn og lukka alle vindauga, seier Sissel Strand.

Sissel Strand

Sissel Strand har fått nok av alt søppelet.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Nabolaget hennar under Risøybrua i Haugesund sentrum har vore prega av forsøpling og forfall i mange år, men i det siste har problemet blitt mykje verre.

Med eit nabohus under oppussing og andre som har kasta boss i området, har sommaren til tider vore grufull.

– Når det har vore over tretti grader ute og det ligg mykje hushaldningsavfall og kosar seg, så blir lukta heilt forferdeleg, seier Strand.

Artikkelen held fram under bilete

Søppel

Søppelet flyt under Risøybrua i dag, no vil ordføraren rydde opp.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Vil rydde opp

Etter at Strand, gjennom et lesarinnlegg i Haugesunds Avis på laurdag, inviterte ordføraren på terrassen for å sjå på problemet, kom Petter Steen med gode nyheiter i føremiddag.

– Huseigaren er ekstremt samarbeidsvillig, har eg fått tilbakemelding om i dag. Dei skal no rydda det som er. Og me skal sørga for at det kjem folk veldig kjapt for å sikre skrenta der borte, sa ordføraren til Strand.

Petter Steen og Sissel Strand

Ordførar Petter Steen lovar Sissel Strand at dei skal rydde opp.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Steen lovar også at kommunen skal rydde det offentlege området under brua. I tillegg ser han for seg ei oppgradering.

– Eg tenker me skal sjå på heile området her, og i den prosessen vil me gjerne ha med grunneigarane.

Og det er Sissel Strand godt nøgd med. Ho serverte wienerbrød til ordføraren etter omvisinga.