Hopp til innhold

Søner av Viking-legender drøymer om cupgull

Framføre eit fullsett stadion kan Viking-talenta Adrian Pereira (20) og Kristian Thorstvedt (20) sende klubben til den første cupfinalen på 18 år – og krone ein sterk comebacksesong i Eliteserien for Viking.

Adrian Pereira (20) og Kristian Thorstvedt (20)

I RAMPELYSET: Kristian Thorstvedt og Adrian Pereira (bak) har imponert for Viking i år. – Det blir utruleg spennande. Vi har møtt Ranheim to gonger før, men har ikkje vunne ennå. Vi håper at vi gjer det onsdag, med mange på tribunen og gode rammer rundt kampen, seier Thorstvedt.

Foto: Carina Johansen/Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Målet til Viking før comebacket i den øvste divisjonen var å unngå nedrykk.

Med fire serierundar igjen ligg stavangerklubben på ein imponerande 5.-plass.

Onsdag kveld kan sønene til to gamle Viking-heltar, Adrian Pereira (20) og Kristian Thorstvedt (20), bidra til at den gamle storklubben toppar sesongen med cupfinale på Ullevaal 8. desember.

Dei to er sønene til keeper-legenda Erik Thorstvedt og den trufaste klubbspelaren Thomas Pereira (433 kampar for Viking).

Ullevaal stadion 21. oktober 1984. Per Egil Ahlsens scoring

CUPFINALE I 1984: Erik Thorstvedt på banen som målvakt for Viking.

Foto: NTB/Aktuell, Næss, Ola
  • Du kan sjå kampen på NRK 2 frå klokka 19.45 eller høyre den på NRK Sport frå klokka 19.50.

– Det blir ein utruleg spennande kamp

Den tidlegare landslagskeeperen var tapande cupfinalist med Viking i 1984, medan pappa Pereira hadde tre målgivande sist Viking tok cupgull – mot Bryne i 2001 (3-0 til Viking).

Thomas Pereira testimonial

SISTE KAMP: Thomas Pereira spilte sin siste kamp for Viking i 2009, og hadde da spilt for klubben sidan 1997.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Vi får håpe at vi òg klarer å komme oss til finalen, seier Viking-back Adrian Pereira.

Men før draumen kan realiserast, står det att eitt siste hinder: Tabelljumbo Ranheim onsdag kveld, føre eit utselt SR-Bank Arena i Stavanger.

– Det blir utruleg spennande. Vi har møtt Ranheim to gonger før, men har ikkje vunne ennå. Vi håper at vi gjer det onsdag, med mange på tribunen og gode rammer rundt kampen, seier Thorstvedt.

Fokusert på lokale spelarar

Dei to unge Viking-gutane har spelt seg til fast plass på laget, og er sjølve symbolet på den lokale forankringa Viking-trenar Bjarne Berntsen har bygd opp i Jåttåvågen. Det har gjort at byen igjen er på lag med klubben.

– Det vil jo bli sånn når ein har eit lag med lokale spelarar, og vi gjer det så bra som vi gjer det. Bjarne har vore flink til å bygge laget rundt lokale spelarar i staden for å hente inn andre dyre spelarar, seier Kristian Thorstvedt.

Før semifinalen mot Ranheim seier Viking-trenar Berntsen at det er viktig at laget mellom anna speler tettare defensivt.

– Vi har sleppt inn for mange mål mot dei. I tillegg til det, må vi halde eit høgt tempo i spelet vårt. Dette blir ein jamn og utruleg spennande kamp.

Bjarne Berntsen

BJARNE BERNTSEN: – Vi har vore gode når det har vore mange på tribunen. Eg trur ein fullsett arena vil bidra til at vi gjer ein veldig god kamp onsdag.

Foto: Håkon Vårhus Sagen

Viking-trenaren trur eit utselt stadion vil inspirere laget.

– Vi har vore gode når det har vore mange på tribunen. Eg trur ein fullsett arena vil bidra til at vi gjer ein veldig god kamp onsdag.