NRK Meny
Normal

Solvik-Olsen rosar pionerprosjekt

– Me kan ikkje la vera å utvikla samfunnet vårt fordi me har ei utfordring i dag, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen då han tysdag var med på prøveboring i Boknafjorden der Rogfast skal byggjast.

– Me kan ikkje la vera å utvikla samfunnet vårt fordi me har ei utfordring, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen då han tysdag var med på prøveboring i Boknafjorden der Rogfast skal byggjast.

SJÅ TV-REPORTASJEN FRÅ BOKNAFJORDEN: Samferdsleministeren var med på prøveboring i Boknafjorden.

Før Rogfast kan gravast ut og byggjast må fjellet under Boknafjorden undersøkjast. Det lågaste punktet i tunnelen skal ligge om lag 385 meter under havoverflata, og tilsvarande djupn under fjorden må då undersøkjast.

Ketil Solvik-Olsen (Frp)

SAMFERDSLEMINISTER: Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Dag Aasdalen / NRK

For å klara det tek Statens vegvesen i bruk offshoreteknologi. Det er første gang kjerneboring frå skip er gjort i samband med bygging av vegtunnel.

– Det er eit fantastisk prosjekt! Det er ikkje ofte eg må ut i eit skip for å sjå kor me skal byggja ein veg, men det er faktisk det me gjer no, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Norsk offshoreteknologi er i høgsetet, og det er jo den teknologien me tek i bruk når me no skal byggja tunnel under havet. Slik sett er eg veldig stolt over kva me som region får til. Dette er kjempespesielt.

Tor Geir Espedal

PROSJEKTLEIAR: Tor Geir Espedal er prosjektleiar for Rogfast.

Foto: Statens vegvesen

Fire hol på mellom 290 og 400 meter under havoverflata skal borast. Når alle prøvane er klare startar analysearbeidet på laboratoriet, og ei ekspertgruppe skal vurdera dei.

– Det er første gong eg ser prøven, men me er over fjorden det er betre fjell enn der me bora først, seier Tor Geir Espedal, prosjektleiar for Rogfast.

– Me kan ikkje la vera å utvikla samfunnet vårt fordi me har ei utfordring i dag. Me skal løysa både miljøutfordringane, samstundes som me skal forbetra framkomsten.

Kjerneprøver av Rogfast-grunnen

SLIK SER DET UT: ... eller i alle fall ein prøve av det; fjellet under Boknafjorden.

Foto: Bjørn Egil Gilje/Statens vegvesen