Hopp til innhold

Viking utklassa Sola

Det vart ein målfest då Viking sende Sola ut av cupen i kveld. Kampen enda 1–7.

Sola-Viking
Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

Sola-fansen hadde nok håpa på eit nytt mirakel, etter at dei i første runde av cupen slo ut Sandnes Ulf. Men mot Viking hadde dei lite å stille opp med.

Frå start til slutt var Viking overlegne, og allereie etter første omgang leia Viking heile 4–0.

Første scoring kom etter 14 minutt, og det var Osita Chikere som fekk æra av å opne målfesten. Så etter 23 minutt heada Björn Daniel Sverrisson ballen inn i mål, og auka leiinga til 2–0. Fem minutt seinare stod Christian Landu Landu for 3–0 målet. Og etter 33 minutt sørga Sverrir Ingason for 4–0.

Etter pausen haldt Viking fram med å dominere kampen. Det tok berre tre minutt før Björn Daniel Sverrisson scora sitt andre mål for kvelden og auka til 5–0. Osita Chikere var ikkje dårlegare og sikra 6-0, etter 53 minutt.

Men så var det Sola sin tur. Reduseringa stod Lennox Kadu for i det 65. minutt.

Kampen var likevel avgjort, og debutanten Martin Hummervoll sette det endelege resultatet til 7–1 i det 88. minutt.

3. divisjonslaget Sola er med det ute av cupen, trass den overraskande sigeren mot eliteserielaget Sandnes Ulf i første runde.

Kven Viking skal møte i tredje runde vert truleg avgjort i neste veke.