Hopp til innhold

– Kan bety nytt liv for mange gamle løer

Fylkesmannen ville stenga helsebedrifta Sola helsefarm, fordi dei dreiv i ei gamal løe. Nå støttar regjeringa opp om vidare drift, og ordførar, Ole Ueland, trur støtteerklæringa vil blåsa nytt liv i gamle løer i heile Distrikts-Noreg.

Sola helsefarm

Sola helsefarm blei starta opp i ei gammal og forfallen løe.

Foto: Marius Vervik

Ole Ueland

Ole Ueland er ordførar i Sola kommune.

Foto: Høyre

– Det finst fleire hundre gamle løer i Distrikts-Noreg, som berre står for nedfall. Nå forventar eg at det skal bli lettare for folk å starta opp drift i desse løene, sjølv om det ikkje er landbruksdrift, seier Ole Ueland, som er ordførar i Sola kommune.

Han har nyleg fått gladmelding frå regjeringa om at ei bedrift med namn «Sola helsefarm», bør få halda fram drifta si i ei løe, som eigentleg er regulert til landbruk.

Regjeringen vil la Sola Helsefarm drive videre, selv om fylkesmannen ville stenge helsebdriften. Grunnen var at de driver i en gammel låve. Støtteerklæringen fra hovedstaden gleder Sola-ordfører Ole Ueland, som nå håper på nytt liv i gamle låver over hele distrikts-Norge.

VIDEO: Regjeringen vil la Sola Helsefarm drive videre, selv om fylkesmannen ville stenge helsebdriften. Grunnen var at de driver i en gammel låve. Støtteerklæringen fra hovedstaden gleder Sola-ordfører Ole Ueland, som nå håper på nytt liv i gamle låver over hele distrikts-Norge.

– Me er kjempeglade

Det er i eit brev frå kommunal- og moderniseringsdepartementet det kjem fram at landbruksdepartementet stiller seg bak vidare drift av Sola Helsefarm. Dei meiner endringa ikkje får vesentlege konsekvensar for landbruket i området. I tillegg er dei positive til at gamle driftsbygg kan brukast til andre ting enn jordbruk.

– Det er flott at me har ei regjering som lyttar på oss som lokalpolitikarar. Me har fleire gonger gitt løyve til at bedrifta kunne drive i løa, men det var Fylkesmannen som sa nei. Nå forventar eg at Fylkesmannen prioriterer denne saka, og at dei godkjennar vidare drift, seier Ueland.

Det var i november i fjor helsebedrifta fekk beskjed frå Fylkesmannen om at dei måtte stenga ned, på grunn av at området der løa låg var regulert til landbruk. Nå er dagleg leiar, Wenche Milas, letta.

– Me er kjempeglade for den meldinga som kom. Nå håper me at me kan halda fram som før, og i tillegg utvida, seier Milas til NRK.no.

Bør endra praksisen

Ole Ueland kjenner til at det er fleire andre som sit på gjerde i kommunen hans med driftsbygg, som dei vil ha ny verksemd i. Han oppmodar dei om å søka.

– Me i kommunen skal behandla søknadane positivt, så lenge det ikkje er noko landbruket tar skade av, seier han.

Han meiner at brevet som i dag kom bør skapa presedens for nye søkarar.