Politiet fekk melding om røykutvikling på flyplassen klokka 12.15. Røyken kjem frå ein heissjakt i samband med taktekking, men i følge politifolk på flyplassen er branntilløpet under kontroll. Det er uvisst kva tid terminalbygget kan takast i bruk att, og kva røykutviklinga får å seie for flytrafikken.
Passasjerar og tilsette står no utanfor terminalbygningen og ventar på at bygninga skal verte utlufta slik at dei kan gå gjennom sikkerhetskontrollen igjen før dei går i flya.
- Det er venta kø og kaos også i timane som kjem, seier stasjonssjef Geir Sømme på Sola.