Hopp til innhold

Ventar barn i ein kommune utan jordmor

Sokndal står utan eiga jordmorteneste. Ei 50 prosents jordmorstilling har blitt lyst ut to gonger, men ingen kvalifiserte har søkt.

Torill Stene

Torill Stene ventar barn nummer tre, og synst det er problematisk at Sokndal ikkje lenger har eiga jordmor.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Før var det nokon andre som hadde kontrollen på at alt blei vareteke, men no må eg eigentleg ha litt av den kontrollen sjølv. Og det kjennest jo litt meir ustabilt, seier Torill Stene.

Ho ventar barn nummer tre. Dei to andre gongene ho gjekk gravid, var det jordmor i Sokndal, men det er det slutt på nå.

– Jordmora hadde tidlegare faste dagar her i Hauge i Dalane, men no er det ingenting. Så no må eg sjølv bestille legetime, og sjølv finne ut av når eg treng ein ny kontroll, seier Stene.

Eigersund har ansvaret

– Det er klart at det er ein veldig prekær situasjon, seier rådmann Dag Sørensen i Sokndal.

Etter at Flekkefjord kommune sa opp avtalen om å selje jordmortenester til Sokndal, inngjekk kommunen ein såkalla vertskapskommuneavtale med Eigersund i januar i år. Avtalen skulle ha trådd i kraft innan 1. juli.

Dag Sørensen

Dag Sørensen er rådmann i Sokndal.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Den avtalen inneber at Eigersund har eit ansvar for å levere stedelig jordmor i Sokndal ein gong i veka, seier Sørensen.

Ingen kvalifiserte søkarar

Men Eigersund klarer ikkje å levere. For etter to utlysingar har Eigersund kommune ikkje fått kvalifiserte søkarar.

– Det er i alle fall ingen kvalifiserte søkarar som me har greidd å få tak i, seier kommunalsjef, helse og omsorg i Eigersund, Nina Bolme Steinsholt.

Kommunen har også ein liknande avtale med Lund.

Nina Bolme Steinsholt

Nina Bolme Steinsholt er kommunalsjef for helse og omsorg i Eigersund kommune.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Me har lyst ut ei 50 prosents stilling for Lund og Sokndal, men når me ikkje får søkarar så blir det vanskeleg å gje dei tenestene til Lund og Sokndal, seier Bolme Steinsholt.

Ho fortel vidare at avtalen ikkje lenger er gjeldande når det ikkje er jordmødrer å få tak i.

Problematisk utan jordmor

Så langt i år er det født 29 barn i Sokndal, og det er mange fleire på veg, opplyser kommunen.

Utan jordmor blir det problematisk, seier den komande trebarnsmora, Torill Stene.

– Eg har vore heldig og vore to gonger i Flekkefjord og fått ultralyd der, men eg tenkjer berre stakkars dei som skal gjera dette for første gong.