Hopp til innhold

Nøgd etter premiera i Haugesund

Den danske skodespelaren Sofie Gråbøl er glad for mottakinga den siste filmen hennar fekk under Filmfestivalen i Haugesund. – Det er ein viktig film, seier ho til NRK.

Forbrytelsen

Sofie Gråbøl, her frå suksess-serien «Forbrytelsen», spelar lærar på ein dansk barneheim i filmen «Der kommer en dag». Handlinga er lagt til 60-tallet og basert på ei sann historie.

Foto: DR

Filmen «Der kommer en dag», som i Danmark har blitt teken varmt imot av både kritikarar og kinopublikum, blei i går vist under Den Norske Filmfestivalen i Haugesund.

– Det var ein herleg kveld. Filmen fekk god mottaking, og der var mange som tok kontakt etter filmen og takka. Slikt blir ein jo glad av, seier skodespelar Sofie Gråbøl.

– Alle land har ei «Der kommer en dag»-historie

Filmen er basert på ei sann historier frå ein dansk barneheim på 60-talet og tek utgangspunkt i to brør sitt møte med eit system der vald og overgrep er kvardagen.

I Danmark selde filmen 200.000 kinobillettar i løpet av den første veka, i Norge blir filmen truleg ikkje sett opp på kino. Gråbøl meiner likevel at den er aktuell for fleire enn berre eit dansk publikum.

– Eg trur alle land har ei «Der kommer en dag»-historie. I røynda er det ei forteljing om ein kultur, eit menneskesyn og eit maktsyn som var utbreidd på 60-talet, og eg trur at alle land har ein slik bagasje som det er viktig at me kikkar på.

Sjølv spelar ho ei kvinne som slit med å jobba innanfor dette systemet.

– Gutane blir behandla veldig hardt, med vald, med overgrep og med audmjukingar. Hennar indre kompassnål peiker i ei anna retning, samstundes som ho ikkje har motet til å stilla seg opp mot systemet, fortel ho.

Møtte dei som gjekk gjennom mishandlinga

Gråbøl fortel at møte med dei verkelege barneheimsbarna, i førebuinga til filminnspelinga, gjorde sterkt inntrykk på ho.

– Eg blei utruleg rørt over den sjenerøse måten dei delte historia si på, for det er tydeleg at såret dei lever med aldri vil bli lækja. Slik sett så er livet veldig kort. Det gjorde at me fekk ei kjensle av at det er nødvendig å laga denne filmen, seier ho.

Effekten dette møte hadde på dei unge skodespelarane, som kjem frå ein barndom der denne type problem er heilt fjerne, trur ho har sett djupe spor i filmen.

– Dei gjekk djupare inn i rollene enn eg nokon gong tidlegare har sett at så unge skodespelarar gjera før. Det trur eg dei gjorde på grunn av at dette ikkje berre er ei god historie, men fordi det er ei historie med klangbotn i røynda, seier ho.