NRK Meny
Normal

Snøfall i Rogaland: – Køyr forsiktig

Det har kome kraftige snøbyer i Rogaland onsdag morgon. Vegtrafikksentralen ber folk ta det roleg og rekna god tid på morgonkvisten.

Snøfall Stavanger

Det snør kraftig i Rogaland onsdag morgon. Her frå Stavanger.

Foto: Erik Waage

– Det snør kraftige byer på heile Vestlandet. Det kan vera ugreie forhold på enkelte småvegar og sidevegar, men på hovudvegane skal det vera bra, opplyser Kjetil Larsen ved Vegtrafikksentralen til NRK litt før klokka 7.

Dei har ikkje fått meldingar om alvorlege uhell i trafikken som følgje av snøfallet, men ber folk ta det med ro.

– Folk må ta det pent og rekna god tid i dag tidleg, oppmodar Larsen.

Eirik Berntsen køyrde på E39 mellom Aksdal og Kårstø onsdag morgon. Då NRK snakka med han i 06.30-tida var det svært glatt på vegen.

– Det snøar godt og er veldig glatt enkelte plassar, melder han.