Hopp til innhold

Snø til jul i Sauda, Suldal og Sirdal

Gladmelding frå meteorologen til dei som skal feira jul i høglandet: Snøen blir liggande fram til jul.

– Ja, snøen som er komen i høgda blir nok liggande for det meste, svarer statsmeteorolog Mette Skjerdal på spørsmål om snøen blir verande i høglandet fram til jul.

Dei siste dagane har det snøa kraftig i fjellet. I helga var det 130–140 cm med snø i Breiastølsdalen i Suldal, ifølge Løypekjøraren på Gullingen.

Frå Røldal blir det måndag meldt om 130 cm snø i skisenteret og om lag 60 cm nede i bygda. Frå Sirdal er det før helga meldt om ein meter med snø.

I Svandalen i Sauda var det 95 cm snø nede ved kafeen i skitrekket søndag morgon, men det kom regn i snøen i går.

Temperaturane skal gå ned

Måndag kan det også komma litt snø- og sluddbyer i låglandet.

– Nå er det regn og haglbyer i låglandet i Rogaland, men temperaturane skal gå ned og ein skal ikkje langt inn frå kysten før det blir sludd og moglegheiter for torevêr i dag, seier statsmeteorolog Skjerdal.

Det blir også ganske mykje vind i dag og i morgon.

– Det blir stiv til sterk kuling på kysten og i fjellet. I morgon blir det også bygevêr, men snøgrensa blir høgare, 5–600 meter.

  • Få oppdatert vêrvarsel på yr.no.
  • HAR DU SNØBILDE? Send dei på e-post til rogaland@nrk.no.