NRK Meny
Normal

– Det er litt skummelt nå

Også måndag morgon er Rogaland prega av kulde, snø og is. Og det kan bli verre utover dagen.

Snø på Runaskaret

Det snør tett på Runaskaret i Bjerkreim måndag morgon.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Anne Solveig Andersen

Ifølgje statsmeteorolog Anne Solveig Andersen blir det kaldare utover dagen.

Foto: Marit Hommedal

Sundag morgon var det mange som vakna til islagde vegar rundt om i Rogaland. Politiet åtvara om vanskelege køyreforhold, også i dagane som kom.

Sjølv om vegane i stor grad er salta nå så pregar det kalde vêret Rogaland også måndag morgon.

  • GLATT PÅ TOGPERRONGANE: NSB har gått ut med melding der dei ber reisande på Jærbanen om å vera ekstra forsiktige. Dei opplyser om at togperrongane deira kan vera svært glatte enkelte stader. I tillegg fører problem med signalanlegget på Bryne til forseinkingar i togtrafikken.
  • IS PÅ SAUDAFJORDEN: På grunn av is i Saudafjorden er det sett opp buss mellom Ropeid og Sauda i Ryfylkerutene i dag. Slik var det også på sundag.
  • SNØ PÅ RUNASKARET OG I DRANGSDALEN: NRK har fått melding om at det snør tett på E39 ved Runaskaret i Bjerkreim og i Drangsdalen i Lund. På vegen er det ikkje is, men ein del slaps.

Skal bli kaldare i kveld

Ifølgje statsmeteorolog Anne Solveig Andersen kan det også bli glattare utover kvelden.

– Det er litt skummelt akkurat nå. Temperaturen ligg rundt null grader i tillegg til at det kjem nedbør i form av regn og sludd. I kveld skal det klarna opp, og bli kaldare, så då kan det bli veldig glatt, seier Andersen.

Ho seier at folk bør ha dette i tankane både når dei skal ut og gå og når dei skal køyra.

– Det er viktig å kle seg godt også, legg ho til.

Snø i Drangsdalen

Snø også på E39 i Drangsdalen i Lund kommune.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK