Hopp til innhold

Snikkikk på Kaizers-musikal

Nervane er i heilspenn på Rogaland Teater om dagen. Neste fredag er det verdspremiere på Kaizers Orchestra-musikalen «Sonny». NRK var med på førebuingane ei veke før.

Video Snikkikk på "Sonny"

Fredag 11.11.11 er det verdspremiere på musikalen 'Sonny' som er basert på universet rundt Kaizers Orchestra. Premiera skjer på Rogaland Teater, men musikalen skal også setjast opp på Den Norske Opera i Oslo og i Danmark.

Tore Renberg

Tore Renberg likte det han såg frå teaterstolen ei veke før verdspremieren på 'Sonny'.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Om det blir bra? Tullar du?, seier ein svært nøgd manusforfattar, Tore Renberg frå ein av teaterstolane på Rogaland Teater i Stavanger.

– Dette er opera

Framføre han ser han på ein av dei siste prøvane til musikalen «Sonny» som har stått for eit rekordsal av billettar på teateret.

Kanskje ikkje overraskande sidan musikalen han har skrive baserer seg på universet det populære rockebandet Kaizers Orchestra har skapt i og rundt musikken sin.

– Alle fargane i paletten blitt brukt. Også dei fargane du ikkje visste var i paletten. Det ser stort, barokt, burleskt og maksimalistisk. Det er dette som er opera, slår Renberg fast berre ei veke før verdspremieren.

Janove Ottesen og Geir Zahl

'Sonny' er basert på musikkuniverset som mellom anna Geir Zahl (t.v.) og Janove Ottesen har skapt i rockebandet Kaizers Orchestra.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Optimistisk regissør

Førre veke var Janove Ottesen og Geir Zahl frå Kaizers Orchestra innom prøvane for å finne utav akkompagnementet dei spelar inn til musikken. Også dei svært spente:

– Det du høyrer av musikk i stykket har me spelt inn på ny, sa Ottesen.

– Det er dette som blir vårt bidrag, fyller Zahl ut

På dagens øving hadde regissør Bjørn Ravn Carlsen mykje å henga fingrane i, men også han var optimistisk:

– Eg trur det blir bra, eg har ikkje så mykje meir å sei. Nå vil eg berre få gjort det, seier regissøren og ler.

Fredag 11.11.11 er det verdspremiere på musikalen i Stavanger. I februar går turen til Den Norske Opera i Oslo. Musikalen er også seld til Danmark der den vil bli vist i Århus, Aalborg og Herning, då under namnet «Maestro».