NRK Meny
Normal

Sneik seg unna pinnekjøtet

Dei kom seg unna pinnekjøt-tida, dei to sauene som blei funne i djup snø i Øvre Sirdal i går. Men etter tre veker i djup snø og kraftig kulde, hadde dei truleg ikkje overlevd så mykje lengre.

To sauer blei redda frå djup sjø i Øvre Sirdal

Turgåarane Bjørn Jæger, Johan Fredrik Dahle, sauebonde Torleif Lye og turgåar Lars Dahle.

Foto: Ivar Anton Nøttestad

Sauene blei oppdaga av to roverspeidarar, som var ute og gjekk på ski i ein dal ikkje langt frå Ådneram i Øvre Sirdal. Dalen ligg utanfor dei vanlege skiløypene og det er ikkje så ofte at folk tar turen dit på vinteren.

Første saue-redningsforsøket i Øvre Sirdal

Første forsøket på å berga sauene blei gitt opp etter kort tid. Det fungerte betre å koma tilbake med snøscooter og slede. Roverspeidarane er Mats Alsnes og Ivar Sørbø.

Foto: Ivar Anton Nøttestad

– Speidarane trudde først dei såg ulv, men slo seg deretter til ro med at det var ein stein. Men då dei kom nærmare så viste det seg å vera to sauer som sto inntil eit tre.

Det fortel Ivar Anton Nøttestad, som er vaktleiar for speidarane.

Lurte seg unna pinnekjøtet i år

Roverspeidarane fann ut at sauene tilhøyrde sauebonde Torleif Lye frå Suleskar på Ådneram. Han blei med inn dit sauene sto, og var med på å få dei opp i ein snøscooter-slede.

– Sauene hadde lurt seg unna årets pinnekjøt, men dei hadde nok ikkje levd så mykje lengre, seier Nøttestad.

Dei to sauene som blei berga, saman med eigaren

Dei to sauene som blei berga, saman med eigaren.

Foto: Ivar Anton Nøttestad

Sauene hadde stått i djup snø i tre veker og ikkje fått i seg særleg mykje mat. I denne perioden har det også vore opptil minus 30 grader på nettene.

Dyra bar også preg av at dei hadde hatt det hardt og vekta var så låg at dei ikkje kunne sendast til slaktehuset dette året.

Heim til garden

Då sauene vel var buskert ombord i sleden, så la dei seg roleg til rette og blei frakta heim til garden til eigaren.

– Dei tok det med ro oppe i sleden, sjølv om den både humpa og lea kraftig på seg. Truleg var dei glade for å koma tilbake til sauefjoset, seier Nøttestad.