For mange er det kanskje rein rutine å lesa av straumen på straummålaren ein gong i månaden og rapportera inn til leverandøren.
Men nå tar snart automatikken over og du slepp å tenka på dette. Det er Norges vassdrags- og energidirektorat som har bestemt at arbeidet med å installera nye automatiske straummålarar skal vera ferdig innan 1. januar 2019.
Lyse er blant dei første av dei større energiselskapa som nå går i gang med dette arbeidet. I midten av februar tar dei fatt på den store jobben det er å skifta ut 140.000 straummålarar til automatiske målarar til kundar i Sør-Rogaland.
– Styresmaktene har sagt at alle skal få nye målarar innan 2019. Den viktigaste forskjellen for kundane er dei slepp å lesa av straumen kvar månad. Fakturaene blir meir nøyaktige og det blir lettare for nettselskapa å finna feil og varsla om feil, seier kommunikasjonsrådgivar Ingvild Ween i Lyse.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Stangeland først ut
Ingvild Ween, kommunikasjonsrådgivar i Lyse.
Foto: Ingvild WeenLyse-kundar på Stangeland i Sandnes blir dei første til å få nye straummålarar. Vidare blir målarane bytta ut geografisk etter postnummer når Lyse har forsikra seg om at alt fungerer slik det skal.
Lyse-medarbeidar Njål Kollbotn har hatt automatisk straummålar i huset sitt på Buøy i Stavanger sidan desember 2013. Lyse har også hatt ei testgruppe i haust med om lag 300 målarar.
– Den store forskjellen er at eg slepp å tenka på å lesa av målarstanden, seier Kollbotn.
- LES OGSÅ:
Nettleiga billegare på lang sikt
Njål Kollbotn har hatt automatisk straummålar i eit drygt år.
Foto: Magnus StokkaHaugaland kraft går truleg i gang med den store byttejobben neste år. 60.000 kundar skal få automatiske straummålarar. Nettsjef Harald Jacobsen seier arbeidet får konsekvensar for nettleiga.
– På kort sikt vil nettleiga auka i ein periode på grunn av investeringa, men på lang sikt vil nettleiga gå ned. Automatiseringa vil gjera at me klarer å drifta nettet på ein betre måte.
– Alt blir dekka inn av nettleiga, så folk får ingen ekstra kostnad når montøren kjem på besøk. Men nettleiga har i år auka noko, ikkje mykje på grunn av denne utrullinga. Det meste skuldast auka elavgift til staten, seier Ingvild Ween i Lyse.