Hopp til innhold

Arrangerer angstkurs før opninga av rekordlang tunnel: – Eg er redd

Hjartebank og hyperventilering. For enkelte er angsten for lange tunnelar så stor at dei må på kurs for å overvinna frykta.

Ryfylketunnelen

BLÅSTE VEKK TUNNELFRYKT: Saksofonist Gisle Jarl Myklebust overraska dei ti deltakarane som var på kurs om tunnelangst i fjellhallen i Ryfylketunnelen med vakre tonar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Kva trur dykk prosenthellinga er? spør psykologiprofessor Bjarne Hansen.

– Sju prosent, er svaret frå salen.

I det store rommet med plass til fleire hundre menneske sit ti kvinner på stolar i ein sirkel. Den eine halvparten er unge, vaksne. Den andre delen er i kategorien eldre.

Dei er på kurs på Jørpeland i Rogaland for å meistra tunnelangst.

Alvorsprega andlet. Tårer som er felt.

I bakgrunnen blir det spelt roleg musikk.

– Riktig. Dette er altså ikkje unnarennet i ein hoppbakke, svarer professoren og kurshaldaren.

Det som ikkje er ein hoppbakke er derimot verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Og Noregs største vegprosjekt nokosinne.

Den 14,3 kilometer lange Ryfylketunnelen opnar 30. desember klokka tolv. Det er hovudtunnelen i Ryfast-prosjektet som erstattar ferja mellom Stavanger og Tau i Rogaland.

Utløpet på Solbakk i Strand i Ryfylke er få kilometer frå kurslokalet på Jørpeland.

Kirsten Hagen og Bjarne Hansen

Psykologspesialist Kristen Hagen (t.v.) professor i psykologi, Bjarne Hansen, er blant landets fremste ekspertar på å behandla ulike typar angst. Det er uvanleg at så mange som ti personar er på kurs om tunnelangst, slår dei fast.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Ubehaget kjem i magen

Men ikkje alle gler seg like mykje til å byta ferja med ein lang tunnel.

Om lag ti prosent av oss føler ubehag ved å køyra i lange tunnelar, ifølge forskingsinstituttet Sintef.

Spesielt eldre synst det er skummelt å køyra i tunnelar.

– For nokre handlar det først og fremst om å vera innestengt. Andre opplever at det går spesifikt på å vera under sjøen. Dei har tankar om kva som kan skje og blir livredde, forklarer professor Hansen.

– Kor kjem ubehaget? spør professoren.

Han held kurset saman med psykologspesialist Kristen Hagen. Dei to er blant landets fremste ekspertar på behandling av ulike typar angst.

– Det kjem i magen. Det startar der, svarer ein av kursdeltakarane.

Ingen av dei vil bli intervjua eller fotografert. Men NRK og lokalavisa får bli med på kurset denne ettermiddagen og kvelden.

Sjølv om det berre er ti deltakarar, er det uvanleg mange i denne samanhengen, ifølge kurshaldarane.

Terminal på Solbakk i Ryfast

Slik ser det ut der du køyrer ned i Ryfylketunnelen frå Ryfylke-sida, frå Solbakk i Strand kommune. På andre sida er øya Hundvåg. I februar opnar Hundvågtunnelen som tar deg heilt til motorvegen i Stavanger.

Foto: Øyvind Ellingsen/Statens vegvesen

– Utenkeleg å køyra i tunnelen

I same sal som kurset blei det også arrangert folkemøte om tunnelangst for drygt to år sidan. Då møtte 400 personar opp. Ei av dei grudde seg såpass til den nye tunnelen at ho vurderte å flytta.

– Eg er redd for å mista kontrollen. Køyra feil, fortel ei av dei ti på kurset denne ettermiddagen.

Ei anna er redd for å bli stengd inne.

– Det er heilt utenkeleg for meg å køyra i tunnelen, men eg skal gjera det. Dersom eg er med i bussen, veit eg korleis det er neste gong når eg skal køyra sjølv.

Snart ventar ein turbuss som skal ta dei gjennom den rekordlange tunnelen. Men først skal dei læra litt om ulike reaksjonar på angst.

– Kroppen har alarmsystem. Dei er til for å redda liv, ikkje for å skada, fortel professor Hansen.

Første symptom er kjensla av å ikkje få pusta. Fire-fem hender går i vêret.

Hansen ber salen prøva å hyperventilera.

– Det skal forferdeleg mykje til for å svima av. Det er veldig vanskeleg. Du får meir oksygen enn du treng.

Det går an å trena på symptoma, ifølge professoren.

– Andre symptom?

– Hjartebank, svarer salen.

Så går dei i gang med å øva på nettopp dette. Den eine kurshaldaren krummar ryggen og spring i ein sirkel.

Opp og ned frå scena i kurslokalet til han blir heilt andpusten.

Alvoret blir byta ut med latter i salen. Det er tydleg at kurshaldarane vil letta på stemninga.

– Nøkkelen på kurs som dette er at det er føreseieleg. Me trenar på å vera i den ubehagelege situasjonen og gi slepp på kontrollen ein har følt ein må ha.

Folkemøte om Ryfast

400 møtte opp for å høyra professor Ingvar Wilhelmsen då det blei arrangert folkemøte om tunnelangst på Jørpeland i oktober 2017. Nyleg var ti personar på kurs for å handtera tunnelskrekk i same lokale.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Ubehaget tar over

Så er det tid for å testa teorien i praksis. Turbussen og ein nesten 1,5 mil lang undersjøisk tunnel ventar.

Med i bussen er fire gulkledde frivillige frå Norsk Folkehjelp. Klare til å assistere dersom det oppstår situasjonar i tunneldjupet.

Ein observatør frå Universitetet i Stavanger er også med.

– Me køyrer ned og kjenner at me kan pusta, seier kurshaldarane.

Men på veg nedover får ein av kurshaldarane nok. Ubehaget har tatt over. Ho slår i bussetet med nevane.

Ein av kurshaldarane tar plass i nabosetet. Etter ein liten samtale stoppar bussen og ho får kjenna på lufta i tunnelen.

– Nokre opplever at det slår inn bølger av angst og ubehag. Då er det viktig å ta det på alvor, stoppa opp og legga til rette for meistring, seier professor Hansen.

Neste stopp er i den såkalla fjellhallen. Den er 100 meter lang og 30 meter brei og badar i blått lys.

Målet er å bryta med monotonien det er å køyra i lange tunnelar.

Buss tunnelangst-kurs.

– Den beste løysinga når du gruar deg er å kasta deg ut i det. Få lagt inn nokre turar når tunnelen opnar, er rådet frå kurshaldarane som arrangerte busstur i Ryfylketunnelen som opnar 30. desember.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Og her ventar kveldens store overrasking for dei ti kursdeltakarane.

Ut i hallen strøymer tonane frå ein saksofon. Deltakarane smiler og ser ut til å vera glade for kjenna på meistringa over å vera i tunnelen.

– Men kvifor er det berre menn på kurset?

– Noko overvekt av kvinner er det nok med denne typen problem, men det er også færre menn som vågar å stilla på slike kurs. Me skulle gjerne hatt med fleire menn.

Turen opp til andre sida på øya Hundvåg i Stavanger går smertefritt. Her ventar kaffi og bollar som premie.

Og returen er som ein vanleg busstur.

– Det er utruleg kult å sjå kva de har fått til, seier Bjarne Hansen frå mikrofonen framme i bussen.

– Er det opninga, seier ei av kursdeltakarane til latter i bussen.